Dynamic Variation:
Norway Now
Choose Language
Norway Now
This social element is not currently supported on the China site. This warning will not show on the front end.
Search

Øyhopping Solund - Bulandet, Værlandet

  •  /  km From You
Overview

Bli med på Norges beste rundtur! 

På øyhopping til Solund, Bulandet og Værlandet opplever du FjordKysten på sitt beste. Her kjem du tett på både folk og landskap på øyane lengst vest i Norge. 

Reis med postbåten mellom mylderet av øyar og tronge sund i Solund. Opplev idylliske Gåsvær, ta beina fatt i Bulandet og opplev Bulandet Temapark, utsiktspunkt, galleri og fiskemottak. Reis over den nye vegen mellom Bulandet og Værlandet, Nordsjøporten, 5.240 m lang og med 6 bruer som bind saman øyane lengst vest i havgapet.

Dette er rundturen for deg som vil ha med deg alt, og som vil nær inn på dagleglivet i øyriket!

Turen korresponderer med ekspressbåten Bergen - Nordfjord og Sogn - Bergen, og kan takast som ein dagstur. Det er også muleg å dele turen opp i etappar med overnatting på ei av dei flotte øyene ein besøker! Då kjøper ein enkeltbillettar undervegs. 

Påmelding:

Påmelding dagen før til Turistinformasjon for FjordKysten, tlf: 57 74 30 00 eller MS "Stjernsund", tlf: 97 79 59 89.

Kontakt mail@fjordkysten.no for meir informasjon.

Ein kan kjøpe rundturbillettar frå Florø og Bergen på Norled sine nettsider. Turen korresponderer med ekspressbåt frå Sogn, Nordfjord og Bergen. Frå andre stoppestader enn Florø og Bergen må ein kjøpe enkeltbillettar undervegs på turen. 


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten
Click to activate
Solund, Norway
The latitude and longitude
61° 4' 42" N / 4° 50' 24" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad