Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Luster

Bergsetbreen, Jostedal/ Luster

Den majestetiske Bergsetbreen i Jostedalen ligg berre ein times lett gange frå bilvegen, og er truleg ein av dei aller vakraste brearmane.

Bergsetbreen (Krondalsbreen) er ein brearm av Jostedalsbreen og kjem ned i enden av Bergsetdalen som er den fremste delen av Krundalen i Jostedalen i Luster kommune i Sogn. Breen ligg kring ein times gangen frå garden Bergset som har gjeve namn til breen.

På Vestsida av Høgste Breakulen, 1957 meter over havet tøyer Bergsetbreen seg ned mot Krundalen. For folk som kjem opp mot breen står han der som ein 1400 meter høg isvegg. Kontrasten mellom den frodige dalen og den svære isveggen er slåande. Tek du bil til Bergset og parkerer der, må du rekne ein times gangtur inn til foten av breen. Terrenget er nesten flatt og denne turen er fin for familiar med born til dømes. Bre- og fjellmannen Normann Kjærvik skriv i boka Fjell: I den tida eg var breførar på Nigardsbreen, prøvde eg alltid å lokke turistar over på den andre sida av Hauganosi, til Krundalen og Bergsetdalen. Eg meinte det var for ille å køyre den lange vegen til Jostedalen utan å få med seg sjølve juvelen, Bergsetbreen.

Last updated: 02/29/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Bergsetbreen, Jostedal/ Luster

Sider du nylig har besøkt