Dynamic Variation:
Norway Now
Choose Language
Norway Now
This social element is not currently supported on the China site. This warning will not show on the front end.
Search
Brandasund

Bilvandring i Bømlo

  • +47 +47 53423027
  •  /  km From You
Overview

Frå Bergen E39 til Os og Halhjem. Ferje Halhjem-Sandvikvåg, 50 min.
Avgang kvar heile time. Frå Sandvikvåg E39 i 400m, til høgre på Rv545
til Fitjar og vidare til Sagvåg. I Sagvåg følgjer vi skilt Siggjarvåg m/
ferjesymbol, ferje ca. kvar 40 min., ferjetid 15 min.
Frå Siggjarvåg køyrer vi Rv542 nordover forbi Foldrøy mot kommunesentret
Svortland på Bremnes.
(Etter ca. 7 km kryss kor ein kan ta avstikkar til Rubbestadneset (1), ca. 3
km.

Like før kommunesentret tar vi av til høgre mot Urangsvåg (2) og tar fatt
på den storslåtte vegstrekninga med bru til Goddo og seinare over 4 bruer
som bind øyane saman fram til Brandasund (3)
Retur same vegen til Bremnes og kommunesentret Svortland (4). Herifrå
følgjer vi skilt mot Sakseid til avkøyring mot Langevåg, Rv541. Denne
vegen tar oss forbi Finnås m/Kulleseidkanalen (5) og til Lykling (6) Etter
Lykling passerer vi Grutle (7) på vår veg vidare mot Langevåg. (8).
(Frå Langevåg kan ein køyre til Eidesvik, der det går hurtigbåt til Espevær
(9) 4-8 gonger dagleg.)
Retur til Sakseid der vi tar av til høgre mot Håvik. (Denne vegen blir
ikkje tilrådd for store køyretøy, desse bør ta til venstre mot Tormodsæter,
her tar ein til høgre mot Rubbestadneset, i krysset på Ekornsæter til høgre
mot Mosterhamn.)
I krysset ved Håvik følgjer vi skilt til Mosterhamn (11) og krysser
Røyksundkanalen (10)
Frå Mosterhamn retur til Siggjarvåg.
Stader og ymse av interesse.
(1) Tettstaden Rubbestadneset, populært bustadområde, basert på
hjørnesteinsbedrifta Wärtsilä NSD Norway og fleire mindre høgteknologiverksemder.
Wichmann-smia er eit museum over utviklinga av den kjende
Wichmann-motoren. Daglegvare, bank, post, hotell, kafeteria.
(2) Urangsvåg, ein liten tettstad ved sjøen, med krambu, kystmiljø, sjøog
fiskeutstyr.
(3) Brandasund er eit levande lite kystsamfunn med 2 krambuer. På den
eine sida E. Johnsen & Sønner AS, på den andre sida Skjeret Landhandel
eller «Nillo på Skjeret». Begge plassene får ein kjøpt nysteikte boller og
kaffi. Her er flotte utsiktspunkt til havet og Slåtterøy fyr, gode rasteplassar,
fiskeplassar og turstiar.
(4) Bremnes er fellesbetegnelsen på midtre Bømlo. Svortland er administrasjons-
og handelssentret i kommunen og ligg vakkert til ved Storavatnet.
Svært godt utvalg i butikkar og tjenester, bensin, hotell, fleire kafeteriaer.
(5) Finnås er området på begge sider av Kulleseidkanalen, som sto ferdig
ved årsskiftet 1855/56. Kanalen vart bygd som ei hjelp til fiskebåtane
under vårsildfisket og bind saman aust- og vestsida av Bømlo. Daglegvarer,
bensinstasjon, marina. Somarhotell på Olavskulen Folkehøgskule.
Kulleseid telegrafstasjon. Etter det ein veit i dag, det fyrste større huset
som Den norske Statstelegraf bygde for eiga rekning. Museum ope for
publikum etter avtale.
(6) Gullfunn på Lykling i 1880-åra utløyste eit gullrush utan sidestykke i
Norge. Totalt er det funne ca. 140 kg gull. Gullgruveområdet er stort i
utstrekning og det blir tilrådd guide for å få utbyte av soga. Det er framleis
mogeleg å grava etter gull, etter avtale på førehand.
(7) Grutle byr på flott utsyn over havet i vest, og ei ekte krambu frå 1939,
framleis i drift.
(8) Langevåg er ein av tettstadene på Bømlo, med handel, bank, post og
bensinstasjon. Verd å sjå er Bømlo gamle kyrkje frå 1621, Hilleborgstova
frå 1827 og Fridtun frå 1845.
(9) Espevær er eit eineståande lite øysamfunn ute i havet. Husa ligg tett i
tett inne i sundet, i le for havråk og vinder. Tidlegare var Espevær det
største fiskeværet i Bømlo, med opptil 30.000 fiskarar under storsildfisket
i 1850-åra. Hummerparken, som vart bygd i 1887, vart restaurert i
1994 og er eit unikt kulturminne. Ein kan gå tur til «Ufo-ringen», oppdaga
i 1975 og ennå tydeleg. Baadehuset, bygd i 1850 på gamle steinmurar
frå 1690, er i dag museum. Butikk og kafe.
(10) Røyksundkanalen er ein naturleg kanal for småbåtar, og skiljer Moster
frå det øvrige Bømlo. Her ligg Skogbu Turisthotell og Badelandsenter.
(11) Mosterhamn er ei kulturperle med Moster gamle kyrkje (ca. 1100)
og Moster Amfi, eit storstilt utandørs amfi, laga i eit nedlagt kalksteinsbrot.
I 995 kom Olav Tryggvason seglande til Moster for å krevja landet og
kristna Norge. I Moster Amfi finn me Senter for religions- og kyrkjehistorie,
med utstillinga «Frå heidendom til kristendom» og biletspelet
«1000 år - ei messe». Mosterhamn har butikkar, kafeteria, bensinstasjon.



  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Click to activate
Bømlo, Norway
The latitude and longitude
59° 53' 38" N / 5° 5' 21" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad