Dynamic Variation:
Norway Now
Choose Language
Norway Now
This social element is not currently supported on the China site. This warning will not show on the front end.
Search
Bømlo

Brandasundsåto

  • +47 +47 53423027
  •  /  km From You
Overview

Brandasund har ei lang historie som handels- og gjestgjevarstad. Gjennom tusen år har den lune og gode hamna lege sentralt i den ytre leia langs kysten.

Brandasund fekk truleg namnet etter handelsmann Jacob Brandt som budde her kring 1660. I den store sildeperioden på 1700- og 1800-talet var Brandasund eit livskraftig sentrum.

Vi får sjå bygningar som står som trauste monument og vitnar om storheitstida som la livsgrunnlaget for folka her ute

Terreng: Sti, svak stigning, siste del trappetrinn opp til
toppen. Retur til parkeringsplass. Deretter veg til sentrum.
Tid: Ca. 1 1/2 time.
Start: Parkeringsplassen ved oppgangen til Brandasundsåto.
Stien til Brandasundsåto går gjennom nedslagsfelt til drikkevatn, så urein ikkje området.
Frå parkeringsplassen følgjer vi vegen eit lite stykke vidare til skilt merka
Brandasundsåto. Følg stien til høgre, ca. 40 min. tur/retur. Første delen lett og ope terreng, seinare litt stigning med trappetrinn siste delen opp til toppen. Like før trappene, jord gamme som var bustad for tyske soldatar under siste verdenskrig.Brandasundsåto var alt under første verdenskrig utsiktpost og signalstasjon.

Utsikt frå toppen:
Nord/vest: Slåtterøy fyr, teikna i 1858 av fyrdirektør Carl Frederik Diriks, bygt i 1859. Ein av dei få fyrstasjonar i landet som framleis er bemanna. Er no foreslått verna av riksantikvaren.
Nord: Stolmen, Selbjørn, byfjella i Bergen, Rekstern og Tysnes.
Sør/vest: Siggjo (sjå tur 13A).
«Det seiest at ein i klart ver kan sjå like til Englandsnausta».
Vi følgjer same stien tilbake til vegen, og tar til høgre mot sentrum og kaien.
Demning/vatn som ein ser til høgre for vegen, vart demt opp for å få drivkraft til hermetikkfabrikken der turbinen sto og dreiv maskinane. I 1917 vart det bygt elektrisitetsverk på øya. Vannkraft frå denne demninga var nok til lys i alle hus på Brandasund. Det var nok ikkje mange stadar
langs kysten ein hadde elektrisk lys den gongen. I dag drikkevatn for øya.

Eit stykke vidare tar vi til venstre, på «den gamle vegen» ned mot sentrum.
Husa her er:
(1) Bakaren sitt hus
(2) Utedo, høyrde til handelshuset (privat eiga)
(3) Smie, bygt 1908
(4) Stabburloftet/skykje, bygt 1850
(5) Losjihus
(6) Bakeriet med bustad oppe, bygt 1907
(7) Mosesloftet frå tidleg på 1700-talet. Moses Hansen var namnet på borgaren som budde her. Sagnet fortel at han hadde butikk i underetasjen og budde ovanpå.
(8) Hovudhuset bygt ca. 1600-1700 talet. Huset er bygt i to eller fleire byggjetrinn. Då det i 1860 vart oppretta offentleg telegrafstasjon, vart huset påbygt for å gje plass til stasjonen og telegrafstyraren.
(9) Hermetikkfabrikken bygt i 1897. Herfrå selde dei fiskeprodukt både
til inn- og utland. At fisken kom frå Brandasund var prov på kvalitet. Ein
oppnådde å få gullmedalje for hermetikkfabrikkens produkt på ei utstilling.
Fabrikken er no omgjort til serveringsstaden «Fabrikkloftet». I underetasjen er det god gamaldags krambu kor ein blant mykje anna kan få kjøpt nysteikte skillingsbollar og kaffi.
(10) Forretningsbygg frå 1930. Her var butikk i 1. etasje, lager i 2. etasje og bustad i 3. etasje.
(11) Gamalt naust kor ein finn Naustvika Ullverkstad og Steinsmie. Her kan ein få kjøpt produkt av ull frå villsau og anna kunsthandverk.
Ein går så vegen - den nye - attande til parkeringsplassen.



  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Click to activate
Brandasund, Norway
The latitude and longitude
59° 53' 38" N / 5° 5' 21" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad