Dynamic Variation:
Norway Now
Choose Language
Norway Now
This social element is not currently supported on the China site. This warning will not show on the front end.
Search
Oldedalen

Briksdalsbreen

  • +47 57 87 40 40
  •  /  km From You
Overview
Details

Den mektige Briksdalsbreen er ein del av Jostedalsbreen Nasjonalpark. frå 1200 meters høgd stuper det ville brefallet heilt ned i den frodige, tronge Briksdalen - eit syn som kvart år trekkjer til seg 300 000 gjester frå heile verda. God mat og drikke, overnatting i fjellstove eller hytte, turarrangement og eit innhaldsrikt suvenirhus gir deg gode minner frå Briksdalen.

Briksdalsbreen ligg i enden av Oldedalen, rundt 20 km frå Olden. Frå fjellstova er det ein om lag 3 km lang grusveg opp til breen. Du kan gå eller bli køyrd i open bil. "Trollbilane" køyrer 2,5 km og dei siste 500 metera må ein gå. Stien er tilrettelagt for rullestol/barnevogn. Briksdalsbre Fjellstove er open frå medio April til medio oktober. Bresafari, aktivitetspark, restaurant og ein stor suvenirbutikk.

Brebuss frå Stryn kvar dag frå 1.juni til 31.august.

NB!
Det er svært farleg å bevege seg nær breen, og alle må respektere sperringane som er sett opp. Det er mykje bevegelse i breen, og faren for ras er stor.

Organisert brevandring foregår på Tystigbreen på Strynefjellet, med Briksdal Adventure (sjå under).


  • Last Updated:
  • Source: Reisemål Stryn & Nordfjord
Plan Your Trip
Getting here
  • Bussparkering:
  • Parkering:
Stryn, Norway
The latitude and longitude
61° 39' 3" N / 6° 51' 1" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad