Dynamic Variation:
Norway Now
Choose Language
Norway Now
This social element is not currently supported on the China site. This warning will not show on the front end.
Search
Dalen

Eidsborg Stavkyrkje

  • Vest-Telemark MuseumEidsborg, Tokke
  • 0047 35 06 90 90
  •  /  km From You
Overview
Details

Sjarmerande, lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum Eidsborg.

La omvisaren ta deg med på ei reise gjennom 800 år. Høyr om historia til stavkyrkjene og korleis kyrkja i Eidsborg har endra seg frå 1200-talet og frametter i takt med tru og skikk. Her får du mellom anna soga om helgenfiguren Nikuls.

Stavkyrkjene blir rekna som Noregs bidrag til verdsarkitekturen. I mellomalderen var det meir enn 1500 stavkyrkjer. Eidsborg stavkyrkje blei bygd mellom 1250 og 1270 og er ei av landets 28 bevarte stavkyrkjer.

Eidsborg stavkyrkje er ei av dei best bevarte stavkyrkjene me har att. Det er den andre kyrkja i Eidsborg, og erstatta ei stolpekyrkje som stod på same staden. I kyrkja finn du helgenbiletet av St.Nikolaus, eller Nikuls som bygdefolket kalla han. Rundt denne vaks det fram ein særskild kultus med særtrekk du berre finn her.

Gjennom kyrkjelege påbod og reformar, endra eigarskap, skiftingar i tru og mote og plassbehov har kyrkja blitt endra opp gjennom hundreåra. Stavkyrkja var i 2010 ferdig restaurert etter tre års arbeid.

I 2008 blei det lansert ei historiebok om Eidsborg stavkyrkje, skrive av religionshistorikar Øystein Morten. Boka er å få kjøpt ved Vest-Telemark Museum, avdeling Eidsborg, som ligg rett i nærleiken.

Kyrkja er open for omvising etter avtale med museet. I sommarsesong (juni, juli, august) er det omvising til faste tider fleire gonger om dagen, i opningstida til Vest-Telemark Museum Eidsborg.

Ta kontakt med museet: tlf. 35069090, e-post: post@vtm.no


  • Last Updated:
  • Source: Vest Telemark
Accomodation
General
Plan Your Trip
Things To Do
Hotel facilities
  • Familievennlig:
Target group
  • Barnefamilier:
Services
  • Familievennlig:
  • Gratis WiFi:
Theme park
  • Familievennlig:
Tokke, Norway
The latitude and longitude
59° 27' 57" N / 8° 1' 10" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad