Dynamic Variation:
Norway Now
Choose Language
Norway Now
This social element is not currently supported on the China site. This warning will not show on the front end.
Search

Engjaland - Torvedalshytta

  •  /  km From You
Overview
Details

Flott familievenleg tur inn i Stølsheimen til Torvedalshytta (DNT hytte).

Turen frå Engjaland til Torvedalshytta er ein familievenleg tur på T-merka sti. Vel framme på Torvedalshytta kan ein ta returen same dag, overnatte og gå ut att neste dag eller halde fram til Gullbrå i Eksingedalen.

Frå Engjaland kan ein gå eller køyre stølsvegen (bomveg) til stølen Reppane. Like ved stølshusa på Reppane startar ein tydeleg T-merka sti til Torvedalshytta. I byrjinga går det bratt opp Reppabotn til Mykjedalsvatnet (1055 moh) som er det høgaste punktet på turen. Frå Mykjedalsvatnet følg ein sti ned strupen og Mykjedalen til Torvedalen. Ikkje langt frå hytta kryssar ein Torvedalselvi på bru.

Torvedalshytta er ei av Voss Utferdslag sine sjølvbetente hytter. Her er ei sikringsbu og hovudhytta bygd i 1991. Til saman 16 køyer samt hems, og rikeleg med teppe. Her er vedfyring, utstyr for matstell og propan til koking. I hytta er det og eit rikhaldig utval med proviant.

Lengd: 14 km og 6-7 timar tur/retur
Stigning: 400 meter
Sesong: Juli - oktober
Vanskeligheitsgrad: Blå (moderat)
Startpunkt: Engjaland
Turkart referanse: Voss 1:50 000 (Ugland IT). Turkart er å få kjøpt på turistinformasjonen i Voss sentrum.
Merknader: T–merka sti. Sjå http://voss.turistforeningen.no for meir informasjon om Torvedalshytta.


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS
General
Outdoor Activities
Effort level
  • Utfordrende:
  • Lett:
  • Middels:
Landscape
  • Fjordområde:
  • Fjellområde:
Season
  • Høst:
  • Vår:
  • Sommer:
Hiking
  • Dagsturer (5-11 timer):
  • Korte vandreturer (1-4 timer):

Facts

Effort Level
Medium
Duration
5-12 hours
Lansdscape
Mountain area
Season
Autumn
Click to activate
Voss, Norway
The latitude and longitude
60° 47' 48" N / 6° 27' 19" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad