Dynamic Variation:
Norway Now
Choose Language
Norway Now
This social element is not currently supported on the China site. This warning will not show on the front end.
Search
Skjolden

Feigumfossen

  • +47 99231500
  •  /  km From You
Overview
Details

Den 218 meter høge Feigumfossen ligg idyllisk til på sørsida av Lusterfjorden. Du kan gå den korte turen opp til fossen, eller nyte synet frå den nasjonale turistvegen langs nordsida av fjorden.
Når du køyrer riksveg 55 langs nordsida av Lustrafjorden får du Feigumfossen rett i fanget frå sørsida. Dette er eit så mektig syn, 218 meter vatn i fritt fall, at du kanskje vil utforske fossen nærare.

Då tek du den smale og idylliske vegen langs sørstranda. Parker bilen nedanfor garden Feigum, på fjorsida av vegen. Stien tek av frå fylkesvegen ca. 300 meter i retning Ornes frå parkeringa. Det går merka sti opp til eit utsiktspunkt under fossen. Stien er noko steinete på slutten, men er godt merka og lett å gå. Det tek om lag 45 min å gå frå vegen til utsiktspunktet som ligg 150 meter over havet. Brått når du kjem over ein bakkekam står fossen rett imot deg i all sin velde; ei mektig, nesten sjokkarta oppleving. Held du fram til topps får du stadig nye utsyn til du møter Hurrungane, den flotte fjellheim på toppen.

Sesong: Mai - Juli/August

Tre spennande ting å gjera i området:

Besøk kulturskatten Urnes Stavkyrkje som ligg på UNESCO si verdsarvliste. www.stavechurch.com

Nabo garden til Urnes Stavkyrkje, Urnes Gard med Hjortefarm kan du bli med på hjortesafari og mate hjorten www.urnes.no

Besøk Safthuset museum som var starten på saft produksjonen til Lerum som i dag er ei kjent norsk merkevare frå Sogn www.lerum.no

 


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
Accommodation
General
Outdoor Activities
Plan Your Trip
Hotel facilities
  • Familievennlig:
Ski resorts
  • Langrenn:
Effort level
  • Utfordrende:
  • Middels:
Landscape
  • Fjordområde:
  • Fjellområde:
Season
  • Høst:
  • Vår:
  • Sommer:
Activities
  • Langrenn:
  • Vandring:
Biking
  • Sykkelutleie:
Cross-country skiing
  • Lysløype:
  • Merkede langrennsløyper:
Hiking
  • Dagsturer (5-11 timer):
  • Merkede turstier:
  • Korte vandreturer (1-4 timer):
Winter activities
  • Aking:
Getting here
  • Parkering:
Click to activate
Luster, Norway
The latitude and longitude
61° 23' 10" N / 7° 25' 44" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad