Dynamic Variation:
Norway Now
Choose Language
Norway Now
This social element is not currently supported on the China site. This warning will not show on the front end.
Search
Fyresdal

Fyresdal bygdemuseum

  • Folkestadbyen, Fyresdal
  • 0047 35 06 90 90
  •  /  km From You
Overview
Details

Fyresdal Bygdemuseum blei skipa i 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun.

Fyresdal Bygdemuseum blei skipa i 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun. Det ligg vakkert til i Øyskogen, ein park i sentrum av Fyresdal.

Bygdemuseet har bygningar og gjenstandar frå mellomalderen og frametter og gjev glimt frå den eldste historia til Fyresdal.

Husa i museet er opne i sommarsesongen, sjå datoar til høgre. Det er ingen fast omvisar, og tilgang er gratis.

Fyresdal bygdemuseum er ubetjent i 2016. Husa opnast for innsyn i hovudsesongen (juni - august) måndag-laurdag kl. 11.00 - 16.00.

Omvisingar for grupper er mogleg og kan tingast frå turistinformasjonen i Fyresdal tlf. 35 04 14 55 eller ved å kontakte Vest-Telemark Museum. 
Pris: gruppebillett kr. 40,-/pers. + eingongsgebyr kr. 400,-.


Gravhaugane
I hundrevis av år har Øyskogen vore heilag grunn.

For akkurat her finn me eit av Noregs vakraste gravfelt frå folkevandringstid.
Det er ingen tvil om at det har vore ein sentral kultstad i historisk tid.

Å byggje ein gravhaug var ei viktig religiøs og politisk handling. Den var eit maktsymbol både for personen som ble hauglagt, for ætta og bygda.
Men haugen var også ein kultstad for å oppnå direkte kontakt med både forfedrane og gudane gjennom blót.

Ein gravhaug kunne variere i storleik, og ein trong god planlegging og godt med arbeidskraft og ressursar for å byggje ein.

Folk hadde ikkje råd til å byggje store flotte haugar til alle, og difor vart oftast berre ein i kvar generasjon hauglagt. I folkevandringstida var det også vanleg å ha større felt med haugar, som her i Øyskogen.

Ein trur at gravhaugane i Fyresdal er bygd i yngre jernalder, det vil seie frå 400 – 600 e.Kr. Det betyr at nokre av haugane kan vere 1600 år gamle.

Folkestadbyen
I andre halvdel av 1800-talet vaks det fram ein "by" i Fyresdal - Folkestadbyen.

Folk flytta fra gardana og søkte lønsarbeid, t.d. i skogbruket, og slo seg ned der det var høve til handel og transport. Byen oppstod kring handelslaget på Folkestad - som knutepunkt mellom båttrafikk på Fyresdalsvatnet og køyrevegen til Bandakslid.

I 2015 blei det sett opp skilt så ein kan ta ein "byvandring" i Skippergata og Lensmannsgata, og lese om dei einskilde husa der.


  • Last Updated:
  • Source: Vest Telemark
Accomodation
General
Plan Your Trip
Things To Do
Hotel facilities
  • Familievennlig:
Target group
  • Barnefamilier:
Services
  • Familievennlig:
  • Gratis WiFi:
Theme park
  • Familievennlig:
Fyresdal, Norway
The latitude and longitude
59° 11' 1" N / 8° 5' 42" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad