Dynamic Variation:
Norway Now
Choose Language
Norway Now
This social element is not currently supported on the China site. This warning will not show on the front end.
Search
Overview
Details

Gråsidetoppen (1307 moh) er ein flott topptur som kan gåast frå Voss sentrum, vel oppe på toppen har du fantastisk utsyn over Vossabygda.

Ein populær dagstur med Voss som utgangspunkt er turen til Rosethytta og vidare opp på Gråsidetoppen. Skal ein til Gråsidetoppen følg ein i byrjinga den T-merka ruta som går over Gråsida, (Hjelle – Torfinnsheim). Ved Pili tek stien til Gråsidetoppen av. Vel oppe tek ein same ruta ned att, eller ein kan gå over Gråsidetoppen og fortsette på stien mot Torfinnsheim.

Dyreliv:
Det er mykje hjort i skogen under Gråsida, og reinsdyr oppe på fjellet. Elles er det vanleg å sjå hare her. Av rovdyr er rev, mår og røysekatt vanleg. Tid om anna er her streifdyr av gaupe. Skogsfugl som tiur og orrfugl saman med fjell- og lirype er vanleg. Rovfugl som tårnfalk, spurv- og hønsehauk er vanleg.  Fjellvåk kan ein sjå i smågnagarår. Både kongeørn og havørn flyg over fjellområdet.

Fisk:
Det er sett ut fjellaure i mange av vatna på Gråsida, men bestanden er svært varierande. I Torfinnsvatnet, Slåttebakketjørn, Tjørnatjørni og Krokavatni er det bra med fisk.

Berggrunn:
Gråsida er ein del av Øvre Bergsdalsdekke. Berggrunnen er for det meste granitt og gneis.

Lengd: Ca 12 km og 5 timar tur/retur 
Stigning: I overkant av 900 høgdemeter stigning.
Sesong: Juni - oktober
Vanskeligheitsgrad: Raud (krevjande)
Startpunkt: Gjelle
Turkart referanse: Voss 1:50 000 (Statens kartverk), Voss 1:25 000 (Ugland IT).
Merknader: Ruta er T-merka. Dei T-merka rutene på Gråsida er lange og går i høgfjellsterreng. Ver difor budd på skiftande vêr, ta med nødvendig utstyr samt kart og kompass. Går ein turen frå sentrum kan ein rekne 1-2 timar ekstra. Ynskjer du å jakte eller fiske på Gråsida må du hugse å kjøpe jaktkort og fiskekort. Dette kan kjøpast på turistinformasjonen.


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS
General
Outdoor Activities
Effort level
  • Utfordrende:
  • Lett:
  • Middels:
Landscape
  • Fjordområde:
  • Fjellområde:
Season
  • Høst:
  • Vår:
  • Sommer:
Hiking
  • Dagsturer (5-11 timer):
  • Korte vandreturer (1-4 timer):

Facts

Effort Level
Challenging
Duration
5-12 hours
Lansdscape
Mountain area
Season
Autumn
Click to activate
Voss, Norway
The latitude and longitude
60° 34' 3" N / 6° 21' 32" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad