Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Luster

Jostedal Hotell

Koseleg familiedrive hotell nær Nigardsbreen. Flotte turområde i og ved Jostedalsbreen Nasjonalpark.

Jostedal Hotell sørgjer for at du får eit triveleg opphald i Jostedalen, og garanterer personleg service i heimekoselege omgjevnader. Jostedal Hotell serverer eit variert utval av varme og kalde rettar, og fokuserer på tradisjonell, heimelaga mat med produkt frå eigen gard.

Den nyrestaurerte smørstova frå tidleg 1800-tal er perfekt til spesielle arrangement. Jostedalen er truleg den beste plassen å vere dersom du er interessert i natur og friluftsliv. Det er nok å nemne breturar på Nigardsbreen og kajakkpadling på Styggevatnet.

Når du er i Jostedalen, kan du velje opplevingar på øvste hylle. Til Nigardsbreen, Breheimsenteret, Styggevatnet, eller rusle i ein fin tur til ein av stølane i fjella rundt Jostedalen.

Last updated: 02/29/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Jostedal Hotell

Sider du nylig har besøkt