Dynamic Variation:
Norway Now
Choose Language
Norway Now
This social element is not currently supported on the China site. This warning will not show on the front end.
Search
Fitjar

Kulturhistorisk løype i Fitjar

  • +47 53457700
  •  /  km From You
Overview
Details

Kulturhistorisk løype,  Fitjar sentrum;   2 km.

 Stad:  Fitjar sentrum

 Turkart:  Stord-Fitjar  1:50.000

 Start og sluttpunkt:  Start og slutt ved parkeringsplassen, kommunehuset/Larsen.

Parkering:  God plass på offentleg parkeringsplass ved rådhuset.

 Merking:  GRØN Merka etter internasjonal standard med Informasjonstavle og 7 retningsskilt. I tillegg er her 5 kulturhistoriske informasjonstavler.

Høgdeskilnad:  13 – 118 moh

Tidsbruk. Om lag 1 time

Skildring :  Lett tur med mange kulturopplevingar som passar for små og store. Frå parkeringplassen ligg parken lett synleg  nord for kyrkja. Vidare på flat asfaltveg som er lett tilgjengeleg for barnevogn og rullestol-brukarar. Ta vegen mot venstre, forbi bedehuset for å komme til Kongsbrunnen. Ta same veg attende til bedehuset, men gå over riksvegen og vidare på sti gjennom kyrkjegarden. Ut frå kyrkjegarden går du tvers over asfaltveg og fortsetter opp den slake bakken, på nordsida og forbi Rimbareid skulen. Vidare tar stien av mot vest oppover trapper og på sti mot Rimsvarden. Her har ein flott utsikt over Fitjarvikjo og Austevoll. Du må gå same veg attende ned til ”Sjøsbrekko”. Her kan du ta til venstre og komme strake vegen attende til parkeringsplassen.

Det er sett opp flotte kulturhistoriske informasjonstavler ved fleire historiske stader. Desse fortel om Fitjar si historie. Ei er plassert ved  Håkonarparken og statua av Håkon den Gode (laga av Anne Grimdalen, 1961). Her vert det fortalt om Håkon den gode og slaget på Fitjar i år 961. Ved Kongsbrunnen får du informasjon gjennom tekst og teikning om brønnen og kongsgarden. Ved sørsida av kyrkja finn du skiltet som fortel om den gamle steinkyrkja som sto her.  Oppe ved Rimsvarden, som er ei stor bronsealder-røys fortel ei eiga informasjonstavle det dei veit om grav og kva som er funnet i den.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
General
Outdoor Activities
Effort level
  • Lett:
  • Middels:
Landscape
  • Fjordområde:
Hiking
  • Merkede turstier:
  • Korte vandreturer (1-4 timer):

Facts

Effort Level
Easy
Duration
1-4 hours
Lansdscape
Fjord area
Click to activate
Fitjar, Norway
The latitude and longitude
59° 55' 5" N / 5° 19' 2" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad