Skip to main content
Unknown Component
civid: 585ab1ca6edcb1719ace3ae2
name: plugins_common_social_share (widget)

Ulvik

Kvasshovden

Sjå Ulvik frå 1065 meter over havet! Ein krevjande tur med ei fantastisk utsikt frå fjelltoppen. Opplev den norske naturen frå si flottaste side på veg opp Kvasshovden.

Turen opp til fjelltoppen Kvasshovden tek deg frå 0 til 1030 m.o.h på 7,5 km. På toppen får du ei fantastisk utsikt over vestnorsk fjordlandskap.

Turen startar i Ulvik sentrum og stien opp til toppen er godt merka opp til Børsheim og vidare til fjelltoppen. Terrenget er tidvis bratt og steinete med ei varigheit på 5-6 t. tur-retur. Kvart år i juli vert motbakkeløpet Kvasshovden Opp arrangert i denne løypa (rekord frå sentrum til topp er under ein time!). Ut juni kan det framleis vere snøflekkar i terrenget. På toppen kan ein nyte ei fantastisk utsikt over fjordlandskapet, og på vegen passerer du fleire flotte stølsområde og lokale gardar.


For meir informasjon og kart, kontakt Ulvik turistkontor.

Last updated: 10/10/2023

Source: Destination Hardanger Fjord AS

Kvasshovden

Sider du nylig har besøkt