Dynamic Variation:
Norway Now
Choose Language
Norway Now
This social element is not currently supported on the China site. This warning will not show on the front end.
Search
Sand

Laksesafari, Elveekspedisjon og Guida fiske

  • +47 52 79 76 90
  •  /  km From You
Overview
Details

LAKSESAFARI
Flyt nedover Suldalslågen frå Mo Laksegard i ei solid overlevingsdrakt! Sjå villaks og sjøaure under vatn. På eit kort kurs i bassenget på Mo Laksegard får ein opplæring om sikker åtferd og korleis ta seg fram i elvestraumen i Suldalslågen i overlevingsdrakt. Kvalifiserte og røynde guidar instruerer gruppa. Ein guide er med i vatnet frå Laksegarden der straumen fører deg nedover, den andre padlar i kano bak. I rundt 2,5 km ligg ein og flyt medan ein kikkar gjennom dykkarmaska etter fisk. 
Å sjå laks eller aure i det fri vil du aldri gløyma! Suldalslågen er kjent for store laksar på over 20 kg. Du fangar ikkje laksen på safari - du symjer saman med han!

Utstyr:
Mo Laksegard held overlevingsdrakt, dykkermaske og snorkel.
T-skjorte og kortbukse må til. Vintertid sørger Mo Laksegard for ekstra varm drakt.
Varighet: 2,5 timar inkludert sikkerhetsopplæring (reisetid er ikkje medrekna).
Gruppestr: Minst 6, maks 30. Alle må kunne symje!
Alder: Frå 14 år
Sesong: Heile året unnateke 15.12. til 1.2.

ELVEEKSPEDISJON
På ein stabil gummiflåte opplev gruppa den kjente elva Suldalslågen i Ryfylke utan store stryk. I behageleg tempo padlar ein nedover frå Mo Laksegard, ser naturen rundt og høyrer historier om dei engelske lordane på laksefiske og livet i dalen. Strandhogg i villmarksleir med kaffekjele og steiking av pannekaker over bålet. Turen sluttar med guiding ved den buldrande Sandsfossen og besøk på Laksestudioet der (Sand).
Fakta:
Min. antall deltakarar 6, maks. 15
Alder: Frå 4 år i følge med voksen
Varighet: 2,5 timar + reisetid
Sesong: sommarhalvåret

LAKS- OG AUREFISKE I SULDALSLÅGEN
I Suldalslågen, den største elva på Vestlandet, tilbyr Mo Laksegard 3 gode fiskevald. Sesong for å fiske elveaure starter 1. mai, og sesong for laks og sjøaure opnar 20. juli. Fiskesesongen varer ut september, dette kan variera frå år til år. Fleire av fiskestrekningane ligg i gåavstand frå hyttene på Mo Laksegard. 

Suldalslågen er kjent for stor laks og sjøaure. Det er ikke uvanleg å få laks på 10 kg, og kvart år blir laks over 20 kg tatt på fluge. Snittvekt for sjøaure ligg på 1,0 - 1,4 kg. Aure mellom 3-5 kg er ikkje uvanleg. Guide kan gje opplæring og rettleiing.
Alder: Frå 4 år i følge med voksen

Andre aktivitetar, t.d. tilknytta villmarkscamp, er tilbydd.

Mo Laksegard ligg sentralt ved kommunesenteret Sand, Suldal i Ryfylke, 2 timar med bil frå Stavanger (2 ferjer), 1,5 timar frå Haugesund (1 ferje). Hurtigbåt til Sand frå Stavanger.


  • Last Updated:
  • Source: Reisemål Ryfylke
Accomodation
General
Outdoor Activities
Things To Do
Camping
  • Hytter med bad og toalett:
Hotel facilities
  • Svømmebasseng:
Season
  • Hele året:
Activities
  • Båtturer:
  • Kanopadling:
  • Vandring:
  • Jakt og fiske:
  • Elvefisking:
  • Laksefiske:
Canoeing & kayaking
  • Kanopadling:
Cross-country skiing
  • Merkede langrennsløyper:
Fishing
  • Elvefisking:
  • Laksefiske:
Activities
  • Svømmebasseng:
Shopping
  • Sportsbutikk:
Suldal, Norway
The latitude and longitude
59° 28' 42" N / 6° 17' 43" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad