Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

MARKHUS

TripAdvisor rating of 5

2

Langfoss opp

Tur opp langs det femte høgaste fossefallet i Norge - med fantastisk utsikt undervegs!

Langfoss er det femte høgaste fossefallet i Noreg. CNN kåra i 2011 Langfoss til eit av verdas 10 flottaste fossefall. Den totale fallhøgda er på 612 meter og er godt synleg frå startpunktet. Stien opp Langfoss startar like ved rasteplassen og fylgjer den gamle setervegen frå Eljarvik og opp til Langfosstølen. På toppen av fossen får du ei fantastisk oppleving med utsikt heile vegen ned til der du starta frå. Åkrafjorden snirklar seg mellom høge fjell på over 1000 meter og bak alt dette vakre kneisar den mektige. Folgefonna i bakgrunnen.

Høgdeskilnad

15 – 640 moh (ev. 1050 moh).

Estimert tid

4 timar t/r.

Turkart

Etne – Saudafjella 1:100.000

Startpunkt og parkering

Langs E134, like ved Langfoss.

Gode råd

Steinane/stien opp ved fossen kan vere glatte - vis aktsemd!

S​​​​​​esong

juni - oktober 

Turomtale

Stien er opprinnelig ein gammal seterveg fra garden Eljarvik til Langfosstølen, som ligg på platået ovanfor Langfoss. Det er mykje flott steinarbeid i stien. Her har tidlegare generasjonar slite seg opp og ned med buskap og tunge bører med smør og ost frå stølen.

Somme stadar finn du fantastiske utsiktspunkt over Åkrafjorden. Høgdepunktet er kan henda når stien kryssar berget på høgde med utlaupet av Langfossen. Her er utsikta utruleg! Du ser ned til vegen der turen starta og ut over Åkrafjorden. Vidare ser du over til Mosnes og den freda dalen innover mot Sandvikevatnet på nordsida av Åkrafjorden. Folgefonna kneisar i bakgrunnen.

No går turen vidare innover langs den idyllisk svingande elva som kjem frå Vaula og endar i Langfossen. Her finn du gode rasteplassar og badekulpar. Du passerar Langfosstølen og fylgjer stien vidare i lett motbakke. Like etter stølen går stien over ein fjellknaus og kloss i elva, slik at du ser rett ned i vassmengdene. Eit flott og dramatisk parti. Her bør du gå over toppen av fjellknausen og fylgja stien vidare der. Denne held høgda og er langt betre å gå på enn den gamle stien nær elva.

Hald fram langs stien på venstre side av elva til du ser varden og hengebrua ved Vaulavatnet i horisonten. Stien treff den T-merka løypa mellom Simlebu og Sandvasshytta. Følg denne til Vaulavatnet (ca. 1.050 moh). Frå Vaula kan du gå attende på tydeleg sti like ved hengebrua og fylgja elva på høgre side nedover dalen. Denne stien treff etter få minutt stien du fulgte på turen oppover.

Også turen tilbake, med nedoverbakke heile tida, merkast godt i beina. Ikkje minst vert knea møre etter kvart. Pass elles nøye på å halda stien. Det er eit svært bratt landskap slik at du fort kan koma på villstrå.

Du bør rekna  4-5 timer timar på denne turen tur/retur.

Om du ynskjer ein kortare tur, kan du gå til Varahaugen (ca. 640 m.o.h) som er den fyste toppen, og gå ned igjen. Då tek turen ca 2 timar t/r.

Last updated: 01/29/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Langfoss opp

Sider du nylig har besøkt