Dynamic Variation:
Norway Now
Choose Language
Norway Now
This social element is not currently supported on the China site. This warning will not show on the front end.
Search
Rauland

Mogen Turisthytte

  •  /  km From You
Overview

Betjent turistforeiningshytte i enden av Møsvatn

Mogen Turisthytte er ei betjent DNT-hytte som ligg i vest-enden av Møsvatn, like innunder Hardangervidda Nasjonalpark.

Hit kan ein berre kome med båt. M/B Fjellvåken II går i rute mellom Skinnarbu (ved rv 37 mellom Rjukan og Rauland) og Mogen Turisthytte i sommarsesongen.

Overnatting utanom sesongen på bestilling.

Mogen er eit glimrande utgangspunkt for fotturar på Hardangervidda - Nord-Europas høgaste fjellplatå og i Hardangervidda Nasjonalpark som er Noregs største nasjonalpark.

På turisthytta vert det servert lokal tradisjonsmat kl 14.00 med fast meny kvar dag for dei som reiser tur/retur med Fjellvåken II. Maten kan bestillast hjå Rauland Turist ved booking av høgfjellscruise, eller under overfarta med Fjellvåken II.

Møsvatn er regulert, så båten kjem ikkje heilt inn ved låg vannstand. På det lengste er det 3,5 km å gå, ca 45 minutt langs god grusveg. Bagasjen blir køyrd med bil fram til turisthytta.

Mogen Turisthytte har i alt 49 senger fordelt på både 2- og 4-mannsrom. Romma ligg i andre høgda over spisesal/kjøkken, men også eit anneks kan takast i bruk.

Her er kiosk med alle rettigheiter.

Middag for gjester som bur på hytta vert servert kl 19.00 og 21.00. Frokost vert servert kl 07.30 og 09.30.

For prisliste og meir informasjon, sjå nettsidene til Mogen Turisthytte.


  • Last Updated:
  • Source: Rauland Turist AS
Vinje, Norway
The latitude and longitude
60° 1' 15" N / 7° 53' 27" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad