Dynamic Variation:
Norway Now
Choose Language
Norway Now
This social element is not currently supported on the China site. This warning will not show on the front end.
Search
Hafslo

Molden

  • Mollandsmarki, Luster
  • +47 57671400
  •  /  km From You
Overview
Details
Meeting Facilities

Det finaste utsiktspunktet i heile Luster, blir det ofte sagt om Molden. Her har du utsikt til fjorden i alle retningar.

Du startar ved vegen til Mollandsmarki, akkurat i det vegen flatar ut etter stigninga opp frå vegkrysset der ein forlet riksveg 55. Like etter ferista tek du til venstre på skogsvegen og følgjer den i om lag 300 meter. Deretter til høgre på god sti, merka med raude punkt.

Etter om lag ein kilometer inn på ny skogsveg og etter denne i om lag 600 meter. Du er då inne på stien nett der skogsvegen svingar skarpt til høgre. No går det raskt oppover, og etter ein liten kneik når du Svarthiller med flott utsikt utover fjorden og mot Ornes på den andre sida.

Frå Svarthiller svingar stien 90 grader og går i slyng forbi bratte hamrar. Deretter flatar terrenget ut og det er rimeleg lett fram til toppvarden på Molden, 1116 meter over havet. Den aller finaste utsikta er nok på austsida, ut mot indre delar av Lustrafjorden, med Nes og Høyheimsvik nærast.

Om sommaren kan ein tur til Molden ei skyfri natt vera ei oppleving. Ta med mat og drikke, samt varme klede og sjå sola stå opp over Jotunheimen ca. klokka 4 om morgonen.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
General
Outdoor Activities
Discount
  • Fjord Pass:
Activities
  • Jakt og fiske:
Biking
  • Sykkelutleie:
Fishing
  • Fiskekort påkrevd:
Facility Info
  • Kopimaskin true

Facts

Effort Level
Challenging
Duration
5-11 hours
Lansdscape
Fjord area
Luster, Norway
The latitude and longitude
61° 19' 59" N / 7° 16' 24" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad