Dynamic Variation:
Norway Now
Choose Language
Norway Now
This social element is not currently supported on the China site. This warning will not show on the front end.
Search
Florø

Nordsjøløype Hovden

  • Hovden, Flora
  •  /  km From You
Overview
Details

Nordsjøløypa på øya Hovden utanfor Florø er verdt å ta turen til. Løypa går til Kvanhovden fyr, kor du også kan overnatte.

Hovden er den nordlegaste og største øya i Flora kommune med sine 15 kvadratkilometer. Med fjell, fjellvatn og flatt terreng langs strandflata, svaberg, vikar og vågar er øya som skapt for fotturar og naturopplevingar. Her er vidt utsyn over skjergarden, ope hav og fastlandet i aust.

På nordvest sida av øya, yttersti havgapet, finn ein Kvanhovden Fyr. Heilt oppe på ei klippe ligg fyret, og herifrå har ein fantastisk utsikt over sjøen. Å overnatte på fyret er ei spesiell oppleving. I fint vêr kan ein sette seg på terrassen utanfor huset, og nyte solnedgongen og roen. Men dersom vinden bles er opplevinga endå større. Ein føler seg liten når bølgjene slår opp over stuevindauget, man samtidig svært trygg inni eit fyrtårn som har stått mot stormar og vind i over 100 år.

Nordsjøløypa
Ein kan gå Nordsjøløypa som ein rundtur rundt øya med start på kaia i Barekstad. Følg kommunal veg til løypefordeler i Halshammervik. Løypa vidare følgjer slagt gras og lyngterreng fram til Kjetang-elva der det er ei lita steinbru. Følg merkinga til løypefordeler med rasteplass på høgdedraget Stegane. Vidare følgjer stien bratthenget ned til Dombevatnet. Løypa er sikra med trapper og gelender. Du følgjer løypa vidare til indre Dombevågen, kryssar innmarka til vegvisar mot Domba Kai og mot Kvanhovden. Turløypa til Kvanhovden er lett å gå og rik på opplevingar. Turen frå Barekstad til Kvanhovden fyr tar ca 2,5 time. 

Vidare frå fyret går ein mot Sildevåg. Her kan ein følgje stien vidare sørover mot Barekstad. Denne delen av løypa går gjennom lyng, gras og på bergnabbar. På Vemannsrøysa, 239 m.o.h. har ein utsikt i alle retningar. Siste delen av løypa er noko bratt. Frå Kvanhovden fyr til Barekstad tar det ca 2 timar.

Ein kan også gå til Barekstad via Hovdevåg, ei lenger, men lettare rute, då 5 km av løypa går langs den kommunale vegen. Ved Sildevåg tar ein av løypa og følgjer skilting mot Hovdevåg. Herfrå følgjer ein den kommunale vegen sørover mot Barekstad. Det er ca 3 timar gangtid frå Kvanhovden fyr til Barekstad langs denne ruta.

Å gå Nordsjøløypa rundt øya tar ca 5 timar i gangtid. Turistinformasjonen i Florø har kart og løypebeskrivelse.

Korleis komme seg hit:
Det er gode rutebåtfordindelser frå Florø til Barekstad på Hovden, med fleire daglege avgangar. Båtturen er komfortabel og på vegen kan ein nyte den vakre skjergarden rundt Florø.

For meir informasjon kontakt Visit FjordKysten på mail@fjordkysten.no


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten
General
Outdoor Activities
Effort level
  • Lett:
  • Middels:
Season
  • Hele året:
  • Sommer:
Activities
  • Guiding:
Hiking
  • Dagsturer (5-11 timer):
  • Korte vandreturer (1-4 timer):

Facts

Effort Level
Medium
Duration
5-12 hours
Season
All Year
Click to activate
Flora, Norway
The latitude and longitude
61° 41' 47" N / 4° 50' 1" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad