Dynamic Variation:
Norway Now
Choose Language
Norway Now
This social element is not currently supported on the China site. This warning will not show on the front end.
Search
Fjærland

Norsk Bremuseum

  • Fjærland, Sogndal
  •  /  km From You
Overview
Details

Norsk Bremuseum opna i 1991 og formidlar informasjon om brear og korleis dei har forma landskapet, klima og korleis det påverkar oss. Gå ikkje glipp av Ivo Caprinos fantastiske panoramafilm frå Jostedalsbreen og den nye opplevingsutstillinga om klimaendringar!

Norsk Bremuseum er eit prisløna museum, som ligg i bygda Fjærland, i enden av Fjærlandsfjorden. Her kan du lære om snø, is og brear og få ein spanande tur i opplevingsutstillinga om klimaendringar.

Bremuseet er eit interaktivt museum, der publikum kan utføre sine eigne eksperiment, til dømes med 1000 årgamal bre is frå Supphellebreen. På museet finn du svar på ofte stilte spørsmål som ”Kvifor er isen blå?” og ”Kvifor er fjorden grøn?”.
Museet er også eit offentleg godkjent informasjonssenter for Jostedalsbreen Nasjonalpark spesielt og friluftsliv meir generelt.

Arkitekten, professor Sverre Fehn, har teikna museet. Fehn mottok Pritzker prisen i 1997- den høgste internasjonale pris ein arkitekt kan få. Bygningen har motteke fleire prisar, blant dei den høgste norske arkitekturprisen. Alle utstillingane er tilrettelagt for funksjonshemma.

Bremuseet er ei allmennyttig, privat stifting, etablert av International Glaciological Society, ulike norske forskingsinstitusjonar på bre og klima, samt Den norske turistforening. H.M. Dronning Sonja opna museet i 1991 og meir enn 1,2 millionar personar har vitja museet sidan opninga.


Senteret har presentasjonar på 13 språk: Norsk, Engelsk, Tysk, Nederlandsk, Spansk, Fransk, Italiensk, Russisk, Polsk, Portugesisk, Kinesisk, Japansk og Koreansk.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
Accommodation
General
Hotel facilities
  • Konferansefaciliteter:
Accessibility
  • Tilpasset bevegelseshemmede:
Click to activate
Sogndal, Norway
The latitude and longitude
61° 25' 22" N / 6° 45' 48" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad