Dynamic Variation:
Norway Now
Choose Language
Norway Now
This social element is not currently supported on the China site. This warning will not show on the front end.
Search
Overview

Olaløo, ei såkalla grindløe, vart bygd av Ole Bårdson Bondhus i 1821. I dag er Olaløo ein svært hyggjeleg gardsrestaurant.

Høytufta er blitt til "storstova" og fjøset til "vetlastova".
Mykje av dei opphavlege murane og konstruksjonane er bevarte og framleis synlege.

I stovene kan du få tradisjonsrik mat med tilknytning til garden, saman med gode historiar frå området.

Vertskapet legg vekt på opplevingar i tillegg til måltidet, og eit besøk i Olaløo kan godt kombinerast med ein tur i kulturlandskapet rundt garden eller turar oppover den idylliske Bondhusdalen.

Olaløo har plass til 130 personar fordelt på 2 rom.
Kan og ta imot møter/seminar på inntil 60-70 personar.

Ope etter avtale utanom sommarsesongen.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Click to activate
Mauranger, Norway
The latitude and longitude
60° 6' 50" N / 6° 16' 16" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad