Dynamic Variation:
Norway Now
Choose Language
Norway Now
This social element is not currently supported on the China site. This warning will not show on the front end.
Search
Røldal

Røldal Skisenter

  • +47 +47 53654800
  •  /  km From You
Overview

Røldal er rekna som eitt av dei beste områda i Noreg når det gjeld off-piste og frikøyring. I 2009 vart Røldal kåra til Noreg sin beste skistad for frikøyring av Dagens Næringsliv. Her finn du mykje laussnø og gode pudderforhold. Normal snødjubde er mellom 3 og 5 meter. Røldal har eit av dei mest snøsikre skianlegga i Noreg, og høver både for nybyrjarar og dei meir hardbarka skikøyrarane. Stolheisen transporterar gjestene opp til 1000 meter over havet, kor det er nydelig utsikt over dalen, bratte fjell og resten av skianlegget. Her finnst også ein kafé, ein nybyrjar-heis og eit flott område for piknik og leik i snøen. I tillegg til stolheisen og nybyrjarheisen finnst to tallerkenheisar, to t-krokheisar og terrengpark. To av disse fraktar deg opp til 1300 meter over havet, kor kilometer på kilometer med langrennsløyper eller herlige pudder-traseer ventar. Heile skisenteret ligg over tregrensa, slik at du ikkje er bunde til tronge trasear i skogen, men kan boltre deg akkurat kor du vil i fjellet!Nybyrjarområdet i Røldal er trygt for dei minste, og har eigen heis. Ein lang bakke passande nybyrjarar går frå midtstasjonen, noko som gjer også dei uerfarne skikøyrarane ei fin oppleving. Om veret snur, eller borna ynskjer andre aktivitetar, finnst det ein liten innandørs klatrevegg. Røldal Skisenter har også ski- og snowboard instruktørar. Alle born under sju år køyrer gratis ved bruk av hjelm. Hjelmar kan lånast gratis i skiutleiga. Røldal Skisenter har ein kapasitet på 5680 personer per time, og du kjem deg frå botn til topp på 10 minutt. Sesongen varar normalt frå månadsskiftet november/desember til andre helga i mai. Gjennomsnittlig snøfall er ca 1100 cm per sesong, så her finn du mogeleg den djupaste snøen i Europa! I høgsesongen preparerar me langrennsløype mot Røldalssåto, 1422 m.o.h, ca 10 km kvar veg. I tillegg køyrar me langrennsløype inn i Seljestadjuvet. Andre langrennsløyper finn du på Seljestad og i Røldal sentrum.


  • Last Updated:
  • Source: Destination Hardanger Fjord AS
Click to activate
Odda, Norway
The latitude and longitude
59° 49' 24" N / 6° 44' 24" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad