Dynamic Variation:
Norway Now
Choose Language
Norway Now
This social element is not currently supported on the China site. This warning will not show on the front end.
Search
Sveio

Runde om Kvalvåg/Kalland (37 km.)

  • +47 53748000
  •  /  km From You
Overview
Details

Vanskegrad: Middels Underlag: Asfalt

Ved start frå Golfparken startar turen med å trille nedover mot sentrum. I første krysset svingar du til venstre og tek inn på sykkelstien på høgre side etter ca 50m. Sykkelstien held fram langs RV 47 nordover. På Haukås er det slutt på sykkelstien på venstre side av vegen, då svingar du til høgre og følgjer skilt mot Kvalvåg. Her bør du ta det forsiktig i starten ned en lang og svingete bakke. Litt seinare passerer du Lid skule og fortset rett fram.

Etter ei stund kryssar du E39 og held fram ned ein bratt bakke. Bakken sluttar i eit kryss og ein krapp sving, så ver ekstra varsam her. I krysset svingar du til høgre og fortsett sørover. På vegen sørover kan du tidvis sjå sjøen, du passerer Fjon Camping og eit anlegg for oppdrett av smolt.

Etter eit par bakkar til når du E39 der du svingar til venstre. Her må du følgje hovudvegen eit par hundre meter. I krysset følgjer du skiltet mot Søre Våge, mot høgre. Denne vegen skal du følgje ca ti km der du òg er ein tur innom Haugesund kommune. Her er det fleire vatn du kan bade i, men nokre vatn er drikkevasskjelde der det ikkje er tillate å bade, sjekk skilting. Når du kjem til krysset mot RV 47, hald fram til høgre på sykkelstien.

Etter ei stund går sykkelstien gjennom ein undergang og held fram nokre hundre meter før du fortsetter til venstre på ein gamal bit av riksvegen. Du kjem no inn på vegen mot Buavåg, følg denne til venstre nedover til du ser sjøen. Innst bukta tek du av vegen på høgre side og fortsetter langs ei idyllisk elv opp att til RV47. Her er det sykkelsti på høgre side av vegen og denne følgjer du nokre hundre meter til den sluttar ved skilt til Tveit. Sjølv om det er raskast å følgje riksvegen nordover mot Sveio, tilrår me at du følgjer skilta mot Tveit. Du passerer bla Husavatnet på venstre side, der det er ein fin badeplass. Rett etter vatnet følgjer du skiltet vidare mot Tveit og fortsetter 3,8km, før du igjen når riksveien og kan følge sykkelstien
nordover. Ved Krossleitet tar du til høgre og følgjer skiltet for
sykkelstien, under riksvegen. Nedst i bakken tar du til høgre att
og fortsetter på sykkelstien gjennom sentrum, forbi skulen og til venstre opp mot Golfparken.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
General
Effort level
  • Middels:
Landscape
  • Kystområde:
  • Fjordområde:
Click to activate
Sveio, Norway
The latitude and longitude
59° 33' 9" N / 5° 21' 49" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad