Dynamic Variation:
Norway Now
Choose Language
Norway Now
This social element is not currently supported on the China site. This warning will not show on the front end.
Search
Sveio

Rundtur til Ryvarden kulturfyr i Sveio

  •  /  km From You
Overview
Details

Ein rundtur på fredelege bygdevegar til Ryvarden kulturfyr.

Start ved Sveio golfpark. Sykle gjennom sentrum og ta av opp bakken mot høgre nokre hundre meter etter kyrkja. Ta til høgre på Tjernagelvegen og følg vegen ca 3 km til skilt til Eltravåg (obs! Dette stykket er det stadvis smal og svingete veg med ein del tungtrafikk). Ta til venstre mot Eltravåg og følg Skiftestadvegen ca 3,5 km fram til Rv 541 Gullvegen. Ta mot venstre i krysset.
Ved Lyngholmsvegen kan ein ta ein kort avstikkar til minnestøtta over DS ”Thor”s forlis i 1906. Turen går forbi Vandaskog og Mølstre, i Mølstrevåg tar du til høgre og følgjer skiltinga til Ryvarden. Dei siste 2,5 km ut til fyret går på grusveg i kupert terreng gjennom ope kystlandskap.

På Ryvarden er det ope galleri og kafe søndagar og dei fleste kvardagar i sommarsesongen. Om ein ynskjer å overnatte kan ein leige eit koseleg hus med stove, kjøkken, bad og fire soverom. For bestilling/avtale om leigetid kan ein kontakte Gunn Bente Håvardsholm på tlf. 53 74 80 00. Sjå www.ryvarden.no for meir info.

Turen tilbake til Sveio sentrum går på lite trafikert veg over Paddevegen. Sving tilbake mot venstre i Mølstrekrossen, og ta av inn på grusveg mot høgre ved gammalt gardstun. Når du kjem ut på Tjernagelvegen igjen, ta til høgre og etter omlag 200 meter til venstre inn mot sentrum og tilbake til utgangspunktet.

Om ein ynskjer ein lengre tur kan ein sykle frå Sveio sentrum i retning Førde på E39. Nede på kaien i Førde finn ein bl.a. restauranten/kafeen Kaien AS.


I Sveio Golfpark kan ein leige syklar. Tlf.: 53 74 20 25.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
General
Effort level
  • Middels:
Landscape
  • Kystområde:
  • Fjordområde:

Facts

Effort Level
Medium
Lansdscape
Fjord area
Sveio, Norway
The latitude and longitude
59° 33' 9" N / 5° 21' 51" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad