Dynamic Variation:
Norway Now
Choose Language
Norway Now
This social element is not currently supported on the China site. This warning will not show on the front end.
Search
Hjelledalen

Segestad

  •  /  km From You
Overview
Details

Fjellbonde for ein dag Levande historie! Lengst ute på ein fjellknaus, med utsikt over Oppstrynsvatnet, ligg den fråflytta garden Segestad. Stien til Segestad, som snirklar seg opp fjellsida ved sida av den mektige Glomnesfossen, går ikkje berre opp i høgda, men tilbake i tid. Garden som er open for besøkande, gir deg unik innsikt i korleis fjellbønder levde, for berre nokre få generasjonar sidan. På garden finn du informasjonstavler om livet her i gamle dagar. Og på låven kan du hoppe i høyet.

Garden Segestad ligg fint til i munningen av Glomsdalen, på ei fjellhylle med eit bratt stup på 300 meter ned til Oppstrynsvatnet. For å kome til Segestad, må du reise til Hjelle i Oppstryn. Derifrå går vel 1 km på gardsveg til garden Glomnes. Her byrjar stien opp til Segestad, det er vanleg å rekne med ca 1 time på turen opp. Frå gardstunet (314 m.o.h.) er det godt utsyn til Hjelledalen, Erdalen, Strandsida og dei kjende fjella ikring. Ta gjerne med turkartet for Oppstryn for å sjå merka løype. Segestad har ein av dei mest særprega og storslåtte plasseringar av gardane i Stryn, ja langt utover kommunegrensene. Høgt og fritt ligg garden på ein framskoten rygg ved inngangen til Glomsdalen, oppe i nordsida ved Oppstrynsvatnet. Denne garden er ein gamal kulturskatt som er verdt å ta vare på. Han er eit prov på slit og strev, og at folk busette seg og levde av jorda på dei mest kronglete stader.

Namnet Sigdestad var i gammal tid kalla Sigvaldstadir, og er eit namn frå vikingtida, gjerne frå år 800 -1000 e. Kr. Historisk museum i Bergen hadde i 1985 arkeologiske undersøkjingar i Glomsdalen, der dei fann fleire spennande tufter, heilt tilbake til 1500 -500 før Kr. Gamle segner fortel også om annan busetnad i Glomsdalen, og i gamle dokument finn vi i tillegg til Sigdestad, namn som Selstad, Tømra, Nås og Flåten.

Etter Svartedauden sine herjingar i 1349 vart alle desse gardane lagt øyde, og det var berre Sigdestad som vart oppatt-teken som gard igjen. Under ei synfaring som retten hadde på Sigdestad i 1594, vart det funne 10 hustufter og ein gammal brønn . Etter dette vart garden lagt under Kruna (Kongen). I 1660 vart Sigdestad kjøpt av presten Absalon Beyer.

Denne fjellgarden var tidlegare rekna som ein av dei beste gardane i Oppstryn, med ein verdi på 4,94 skyldmark. Verdien vart først og fremst rekna ut frå at garden hadde rikeleg med beite og stor utmark med mykje vilt. Men heller ikkje etter vår tids målestokk er desse tala frå 1782 å forakte: 12 mjølkekyr, 8 ungdyr, 1-2 griser, 2 hestar, 30 vinterfora geiter og 20 vinterfora sauer. Til gardshjelp var der 2 drengar og 2 terner (tenestejenter). 

Segestad er ein av Fjordspor-turane - 20 magiske vandreopplevingar i Nordfjord www.nordfjord.no/fjordspor

Parkeringsplass rett før Glomnes. Parkeringsavgift.


  • Last Updated:
  • Source: Reisemål Stryn & Nordfjord
Accomodation
General
Outdoor Activities
Plan Your Trip
Things To Do
Hotel facilities
  • Familievennlig:
Effort level
  • Utfordrende:
  • Lett:
  • Ekspert:
  • Middels:
Landscape
  • Kystområde:
  • Fjordområde:
  • Skogsområde:
  • Fjellområde:
Season
  • Hele året:
  • Høst:
  • Vår:
  • Sommer:
  • Vinter:
Target group
  • Barnefamilier:
Activities
  • Vandring:
  • Natursti:
Hiking
  • Dagsturer (5-11 timer):
  • Merkede turstier:
  • Korte vandreturer (1-4 timer):
Getting here
  • Utendørs parkering - mot avgift:
Services
  • Familievennlig:
Theme park
  • Familievennlig:

Facts

Effort Level
Medium
Lansdscape
Mountain area
Season
Autumn
Stryn, Norway
The latitude and longitude
61° 55' 31" N / 7° 5' 8" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad