Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

VALLDAL

TripAdvisor rating of 4.5

143

Valldal Aktivitetspark

Book

Den koselege og kjekke familieparken med god plass for klatring og aktivitet finn du i Valldal – the adventure valley!

I aktivitetsparken kan vi freiste med meir enn 1500 meter med klatreløyper, lange zip-lines, hoppepute og hoppeslott.

Parken ligg idyllisk til på eit område langs elva i Valldal, 7,5 km frå sentrum. Vi har montert opp ulike hinder mellom tre og stolpar i til saman 8 klatreløyper på totalt 1500 meter.

Løypene har ulik høgde og vanskegrad. Vi har to løyper for dei aller minste barna der foreldre kan gå ved sidan av, fire familieløyper der to er enkle og dei to andre litt vanskelegare. I tillegg har vi to meir krevjande løyper for dei som likar det høgt og luftig. Ta turen til Valldal Aktivitetspark for ei aktiv og kjekk oppleving.

Last updated: 03/26/2024

Source: Ålesund & Sunnmøre

Valldal Aktivitetspark

Book

Sider du nylig har besøkt