Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Hallingdal Ål

Å eldast med begeistring (Ål Kyrkjeakademi)

Overview

"Å eldast med begeistring". Foredrag ved Erling Nydal og Eva Marie Halvorsen.

Eit hovudpoeng i foredraget er å sjå nærare på våre mentale innstillingar til det å bli eldre og korleis vi kan påverke desse i positiv lei.

Dei to hentar stoff frå litteratur, filosofi, fysiologi og psykologi for å sjå nærare på dette. Dei tek også opp spørsmål som  "kva med meir humor og godt humør i kvardagen?" og spør vidare om kva som har vekt humøret vår tidlegare i livet.

Gjennom foredraget vil dei fortløpande illustrera og poengtera innhaldet med "ståoppkomikk".

Eva Marie Halvorsen og Erling Nydal har ved fleire høve halde foredrag saman der dei har kombinert foredrag med underhaldande "ståoppkomikk". Dei ser på følgjande sitat av Piet Hein som sitt livsmoto: "den som kun tar spøk for spøk, og alvor kun alvorlig, hun og han har faktisk fattet begge deler like dårlig".

 

  • Last Updated: 04.12.2017
  • Source: Hallingdal Reiseliv
Dates

fre 6. april 2018 19:15

See All
Å eldast med begeistring (Ål Kyrkjeakademi)
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad