Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Ålesund & Sunnmøre Ørsta

Ørstakoret - Moteframsyning

Overview

Påska er over, so då er det vår, ikkje sant? Vi i Ørstakoret meiner at våren er komen og at det er på tide å sjekke garderoba. Er det trong for ein ny sommarkjole, klede til 17. mai eller til konfirmasjon? Vi er klare for ny motevising med nye klede og fargar for våren og sommaren. Jarle Johnsen, bass i koret, tek oss gjennom nytt frå mange butikkar i Ørsta og Volda, med kormedlemar som modellar. Det vert korsong og dirigent Ketil Grøtting spelar piano til sjølve motevisinga. Og det vert bugnande matbord, loddsal og trekking av gåvekort og andre flotte gevinstar, slik Ørstakoret alltid bruker å ha det! Velkomne til ei triveleg kveldsstund rundt borda på Ørsta Kulturhus.

Billettar får de kjøpt på nettet og i kiosken på Kulturhuset. Dørene vert opna kl. 18.35.

Inngong kr. 120,- inkluderer kaffi og mat.

  • Last Updated: 16.02.2018
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

ons 4. april 2018 19:00

See All
Ørstakoret - Moteframsyning
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad