VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Møre og Romsdal ULSTEIN

Abrahams barn med Svein Tindberg

Overview

Meir enn nokon gong blir det i det offentlege ordskiftet mana til forsoning, forståing og auka kunnskap om ulike levesett, verdiar og religionar.

Tysdag 20. april 2021 vitjar Svein Tindberg Sjøborg med forestillinga "Abrahams barn". Merk at dette gjeld 2021!

Tindberg har gjennom dei siste 20 åra arbeidd med teaterstykke med religiøs tematikk. I Abrahams barn framhevar Tindberg dei verdiane som femnar om og sameiner alle truande i dei tre store verdsreligionane – jødedommen, islam og kristendommen. Svein Tindbergs fortellarkunst har gitt meir enn 90 000 publikummarar gleda over å finne eit fellesskap i ei verd der polariseringa mellom religionane blir stadig sterkare.

TRE RELIGIONAR - EI BOK
I dagens Europa, liksom i Midtausten, lever jødar, kristne og muslimar tett innpå kvarandre. Sameksistensen mellom Abrahams barn har vore konfliktfylt. Men historia om jødar, kristne og muslimar er noko mykje meir. Det er også historia om ein fruktbar kulturell, intellektuell og åndeleg vekselverknad, der dei tre religionane har blitt rikare ved å leve tett innpå kvarandre.

SVEIN OM ARBEIDET
- Å lage ei sceneforteljing om ein av grunnsteinane i den menneskeskapte kulturen kan verke uoverkommeleg, seier Svein Tindberg om sitt arbeid med desse tekstane. - Men på den andre sida er det ikkje så komplisert som vi vil ha det til. Dette er gode historier! Mi oppgåve er å fortelje ei god histore, med glimt i auget. Eg håpar publikum går ut med eit smil om munnen, men òg med noko meir kunnskap. Vi må vite litt om kvarandre om vi skal kunne bu saman. Må vi ikkje?

  • Last Updated: 19.05.2020
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

ti. 20. april 2021 19:00 20:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Abrahams barn med Svein Tindberg
Your Recently Viewed Pages