VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Rogaland TYSVÆR

Abrahams barn Svein Tindberg

  • Tysværtunet Kulturhus , Aksdalsvegen 157, Aksdal
  • +47 52757500
  • 25. februar 2021
  • (1 Upcoming Dates)
Overview

«En drivende god forteller» VG

«Religion, kulturhistorie og reisereportasje, varmt, dyktig og nakent» Dagbladet

Meir enn nokon gong blir det i det offentlege ordskiftet mana til forsoning, forståing og auka kunnskap om ulike levesett, verdiar og religionar.


Tindberg har gjennom dei siste 20 åra arbeidd med teaterstykke med religiøs tematikk. No blir det meir enn nokon gong mana til forsoning, forståing og auka kunnskap om ulike levesett, verdiar og religionar. I Abrahams barn framhevar Tindberg dei verdiane som femnar om og sameiner alle truande i dei tre store verdsreligionane – jødedommen, islam og kristendommen. Tida er ikkje over for å finne saman i interessa for kulturkonfliktar, parallellar, for dei lange tankerekkjene og for ei innføring i religionar vi kanskje ikkje visste hadde så mykje til felles. Svein Tindbergs fortellarkunst har gitt meir enn 90 000 publikummarar gleda over å finne eit fellesskap i ei verd der polariseringa mellom religionane blir stadig sterkare.


TRE RELIGIONAR - EI BOK


I dagens Europa, liksom i Midtausten, lever jødar, kristne og muslimar tett innpå kvarandre. Det muslimske nærveret i Vest-Europa er av relativt ny dato. Men både jødedom og islam har frå gammalt vore ein integrert del av det elles kristne Europa. I Spania, på Balkan og i delar av Aust-Europa har islam til tider vore den dominerande makta, og jødane og dei kristne har levd som minoritetar. I nyare tid har situasjonen for det meste vore omvendt. I dag lever fleire og fleire muslimar som minoritetar i eit Europa som er grunnleggjande prega av kristen kulturarv, der fleirtalet reknar seg som kristne


KONFLIKTFYLT


Sameksistensen mellom Abrahams barn har vore konfliktfylt. Men historia om jødar, kristne og muslimar er noko mykje meir. Det er også historia om ein fruktbar kulturell, intellektuell og åndeleg vekselverknad, der dei tre religionane har blitt rikare ved å leve tett innpå kvarandre.


SVEIN OM ARBEIDET


- Å lage ei sceneforteljing om ein av grunnsteinane i den menneskeskapte kulturen kan verke uoverkommeleg, seier Svein Tindberg om sitt arbeid med desse tekstane. - Men på den andre sida er det ikkje så komplisert som vi vil ha det til. Dette er gode historier! Mi oppgåve er å fortelje ei god histore, med glimt i auget. Eg håpar publikum går ut med eit smil om munnen, men òg med noko meir kunnskap. Vi må vite litt om kvarandre om vi skal kunne bu saman. Må vi ikkje?


Covid 19 smittevern, oppfording til gjester på Tysværtunet


Vær vennleg og ikkje besøk Tysværtunet Kulturhus om du:

Har symptom på forkjøling/influensa

Har mistanke om eller har fått bekrefta Covid-19.

Er i karantene eller i isolasjon


Kontakt booking@tysver.kommune.no/52 75 75 00 i forkant av arrangementet du har billetter til, for evt annulering av billetter, om du blir forhindra i å komme pga. sjukdom.

  • Last Updated: 04.11.2020
  • Source: Destinasjon Haugesund & Haugalandet
Dates

to. 25. februar 2021

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Abrahams barn Svein Tindberg
Your Recently Viewed Pages