Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Alice i eventyrland

Mer info
I år er det 40 år sidan Teaterlaget i BUL i Nidaros sette opp si første framsyning på Munkholmen! Under årets jubileumsframsyning er me endeleg tilbake på holmen- og me skal verkeleg slå på stortromma. I Mads Bones' og Olve Løseths sprudlande tolking av Lewis Carrolls Alice i eventyrland vil både barn og vaksne få høve til å dra på smilebandet.

Alice følgjer etter kaninen, som er statssekretær i eventyrlandet. Kaninen har hovudansvar for danseband-festivalen i Folkparken der Dronninga skal opptre. Alle må komme- viss ikkje vil hovud rulla! Men i eventyrland kan alt skje, så bli med Alice på den drøymande reisa hennar.

De må vera inneforstått med at båtbillett ikkje er inkludert i teaterbilletten. Båtbillett kan kjøpast hos Tripps Båtservice sitt utsal i Ravnkloa før båtavgang.

Regi: Ingrid Kummeneje

Musikalsk ansvarleg: Øyvind Jo Heimdal Eik

Sist oppdatert: 04/19/2024

Kilde: Hva skjer kalender

Sider du nylig har besøkt