Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Geirangerfjorden Stranda

Allsong utan grenser - Magne Fremmerlid, Charlotte Fongen

Overview

Storfjord Kulturhus sitt bidrag til "Strandalaurdag" vert i år ein skikkeleg allsongkveld! Vi har igjen fått tak i ekteparet og operasongarane Magne Fremmerlid og Charlotte Fongen, og ved flygelet sit fylkesmusikar Bjørnar Myhr.

Dei som var til stades på julekonserten i fjor, hugsar for ei fin stemning desse artistane laga med sitt flotte repertoir og sin lune humor. Denne gongen set vi saman ei liste av kjende og kjære songar av alle slag. Her vert det eviggrøne popsongar, negro sprituals, operettemelodiar og songar frå kjende musikalar. Tekstane vert synt på lerretet, slik at alle får dei med seg.

Vi oppmodar nye og gamle korsongarar, hobbyvokalistar og folk som til vanleg berre syng på badet om å ta turen til ein flott allsongkveld i kulturhuset!

Billettar: vaksne kr. 300,- born kr. 200,-

  • Last Updated: 17.08.2017
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

lør 2. september 2017 19:30

See All
Allsong utan grenser - Magne Fremmerlid, Charlotte Fongen
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad