Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Bergen

Andvake

Overview

Verket som har trollbunde publikum over heile verda blir teater.
Jon Fosse fekk Nordisk Råds Litteraturpris for trilogien Andvake – Olavs draumar – Kveldsvævd.
Forteljinga om Asle og Alida sin kjærleik er ei av vår tids si mest markante litterære forteljingar. Forteljinga flyt av garde mellom draum og røyndom, mellom vare minne og den barskaste realiteten.
Fosse si særmerkte stemme er her kopla saman med eit sterkt nærverande musikalsk motiv. Saman med eit sanseleg og atmosfærisk rom, spelar det musikalske bakteppet til Trio Mediævel ei stor rolle i Torkil Sandsund si oppsetjing.
Levande folkemusikk blir også eit sentralt element idet vi rører oss frå dei to elskande sitt første møte til når Asle i sin dødsaugeblink skildrar kjærleiken til Alida som det store svevet.
I musikken og i den altomfattande kjærleiken ligg dette store svevet. Og i møtet mellom desse kreftene ligg det an til ei stor teateroppleving.
Urpremiere
Torkil Sandsund
regi og dramatisering |​​​​​ ​Dordi Strøm scenografi og kostymedesign |​​​​​ ​Trio Mediævel musikk |​​​​​ ​Arne Kambestad lysdesign |​​​​​ ​Mathias Grønsdal lyddesign |​​​​​ ​Ragnhild Gudbrandsen, Stine Robin Berg Hansen, Susann Kambestad, Sigmund Njøs Hovind, Karl Vidar Lende m. fleire medverkande
Illustrasjon: Samlaget/Foto: Knut Utler
Presenterert av Hordaland Teater, i samarbeid med Festspillene i Bergen og Den Nationale Scene.

  • Last Updated: 13.11.2017
  • Source: Bergen Reiselivslag
Dates

ons 23. mai 2018 19:00

tors 24. mai 2018 19:00

fre 25. mai 2018 19:00

lør 26. mai 2018 18:00

man 28. mai 2018 19:00

tirs 29. mai 2018 19:00

ons 30. mai 2018 19:00

tors 31. mai 2018 19:00

fre 1. juni 2018 19:00

lør 2. juni 2018 18:00

man 4. juni 2018 19:00

tirs 5. juni 2018 19:00

ons 6. juni 2018 19:00

See All
Andvake
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad