Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Østerdalen Elverum

ARE KALVØ - HYTTEBOK FRA HELVETE

Overview

Ein komikars motvillige forsøk på å lære seg å elske naturen.

Ein komikars motvillige forsøk på å lære seg å elske naturen.

Are Kalvø er ein nordmann som ikkje verkar.

Han vaks opp midt i eit postkort på Vestlandet, omgitt av fjordar og fjell som folk reiser halve kloden rundt for å oppleve, med turmuligheiter på alle kantar. Likevel har han aldri blitt ein naturens mann. Han flytta til byen og såg seg aldri tilbake. Dette har aldri vore eit problem.

Før no.

For nokre år sidan begynte Kalvø å miste venner til naturen. Gode venner, som før alltid var med på pub for å prate tull, begynte plutselig å gå i fjellet, legge ut bilde av skispor, og i fullt alvor seie sånt som at det berre er i møte med naturen at du forstår kor liten du er. Ein dag måtte Kalvø innsjå at han ikkje hadde ein einaste facebook-venn som ikkje hadde lagt ut eitt einaste bilde av seg sjølv på eit fjell. For første gong sidan han blei tvinga til slikt på skulen, la Kalvø derfor ut på tur, på ski og til fots, for å finne igjen vennene sine. Og for å finne ut kva i alle dagar det er som skjer.

Resultatet blei «Hyttebok frå helvete», ei svært morsom og litt sint bok om vår tid og vårt merkelige forhold til naturen. Denne kvelden fortel han om turen, om vår tid, om naturen og om overraskande mykje anna som du ikkje trudde hadde noko med saka å gjere. Det blir stand-up. Det blir vitsar. Det blir tull. Det blir eit par uventa harde utfall mot alle som liker fjell betre enn folk.

Etterpå kan du snakke med Kalvø, seie bortimot kva du vil til han, og kjøpe signerte bøker.

  • Last Updated: 17.07.2018
  • Source: Visit Hedmark AS
Dates

lør 27. oktober 2018 19:00 20:15

See All
ARE KALVØ - HYTTEBOK FRA HELVETE
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad