Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Stavanger Sandnes

Are Kalvø - Hyttebok frå helvete

Overview

Ein komikars motvillige forsøk på å lære seg å elske naturen. Are Kalvø er ein nordmann som ikkje verkar. 

Ein komikars
motvillige forsøk på å lære seg å elske naturen
Are Kalvø er ein nordmann som ikkje verkar. 


Han vaks opp midt i eit postkort på Vestlandet, omgitt av fjordar og fjell som folk
reiser halve kloden rundt for å oppleve, med turmuligheiter på alle kantar.
Likevel har han aldri blitt ein naturens mann. Han flytta til byen og såg seg
aldri tilbake. 
Dette har aldri vore eit problem. Før no. 
For nokre år sidan begynte Kalvø å miste venner til naturen.
Gode venner, som før alltid var med på pub for å prate tull, begynte plutselig
å gå i fjellet, legge ut bilde av skispor, og i fullt alvor seie sånt som at
det berre er i møte med naturen at du forstår kor liten du er. 
Ein dag måtte Kalvø innsjå at han ikkje hadde ein einaste
facebook-venn som ikkje hadde lagt ut eitt einaste bilde av seg sjølv på eit
fjell.
For første gong sidan han blei tvinga til slikt på skulen,
la Kalvø derfor ut på tur, på ski og til fots, for å finne igjen vennene sine.
Og for å finne ut kva i alle dagar det er som skjer.
Resultatet blei «Hyttebok frå helvete», ei svært morsom og
litt sint bok om vår tid og vårt merkelige forhold til naturen. 
Denne kvelden fortel han om turen, om vår tid, om naturen og
om overraskande mykje anna som du ikkje trudde hadde noko med saka å gjere. Det
blir stand-up. Det blir vitsar. Det blir tull. Det blir eit par uventa harde
utfall mot alle som liker fjell betre enn folk. 

Etterpå kan du snakke med Kalvø, seie bortimot kva du vil til han, og kjøpe
signerte bøker.

Har du behov for rullestolplass eller
ledsager, ta kontakt med Sandnes kulturhus på
telefon 51 60 20 10
Alle våre forestillinger starter presis
Nyt øyeblikket uten fotografering. Telefonbruk og lyd- og bildeopptak forstyrrer både andre gjester
og de som opptrer, og er ikke tillatt under forestillinger hos oss.
 
Mer informasjon angående Sandnes kulturhus
Kjøpsinfo:
http://sandneskulturhus.no/kjøpsinfo/
Facebook:
https://www.facebook.com/sandneskulturhus

  • Last Updated: 05.11.2018
  • Source: Region Stavanger
Dates

lø. 23. mars 2019 19:00 23:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Are Kalvø - Hyttebok frå helvete
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad