VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Møre og Romsdal HERØY (MØRE OG ROMSDAL)

Arild Andersen Group

Overview

Ei ny norsk supergruppe har sett dagens lys.

Etter to suksessfulle spelejobbar på norske festivalar i 2018 (Vossajazz og Dølajazz, utseld begge stadar), bestemte meisterbassisten Arild Andersen seg for å fortsette å jobbe med dette bandet, parallelt med sin tolvårs bejubla trio.

ARILD ANDERSEN GROUP kallar han bandet, der han har valgt nokre av sine absolutt favorittmusikarar frå den yngre generasjonen:

Marius Neset, sopran- og tenorsax

Han har gjort ein kometkarriere både som saksofonist og komponist, med verk for store ensemble som London Sinfonietta, Bergens Philharmonic og KORK. Hans unike spelestil kan raskt gå frå tett og rytmisk kompleks til mjukt og inderleg vakkert.

Helge Lien, piano

Hans delikate pianospeling, som finn inspirasjon i Bill Evans lyrikk, Keith Jarretts oppfinnsomheit og Brad Mehldaus subtile uttrykk, har skaffa han internasjonal anerkjennelse. Han deltok nylig i EST Symphony-prosjektet og har gitt ut ti album med sin eigen trio.

Håkon Mjåset Johansen -trommer

har spelt mykje med Trondheim Jazzorkester, men også med Bugge, Molvær, Motif og mange andre band. Seinast med Hegge som vann Spellemannprisen i 2018

Arild Andersen sjølv

Bassisten med den varme tonen, kan verkelig kallast ein legende. Stilig, allsidig og med eit stort namn internasjonalt. Allereide i 1967 begynte han å spele med Jan Garbarek, Terje Rypdal og Jon Christensen. Dei påfølgande åra spilte han med Sonny Rollins, Don Cherry, Chick Corea, Dexter Gordon, George Russell og mange mange andre. Som ein kuriositet kan også nemnast at han i studietida også spelte fast med vår eigen Oddbjørn Blindheim. På 1980-talet starta han det legendariske bandet Masqualero med Jon Balke, Nils-Petter Molvær, Jon Christensen og Tore Brunborg. Dei siste åra inkluderer samarbeid med blant andre Pat Metheny, Joshua Redman, Makoto Ozone og Marcin Wasilewski.

Han har gitt ut 22 plater i eige namn på ECM. Heile diskografien er eit stykke jazzhistorie. Men framfor alt er han fast forankra i samtida, og hans store spel og kreativitet er kombinert med ein utsøkt teknikk. Han komponerer også fantastisk musikk, og det meste av repertoaret i Arild Andersen-gruppen består av Arilds låter. Meir info på www.arildandersen.com

Sitat frå konsertanmeldingar

”Det er ganske utrolig at en kvartett med fire individualister, fire musikere på øverste toppnivå, klarer å spille så vanvittig samstemt, som om de var en eneste felles musikalsk organisme…. Dessuten hadde vi sjefen for kvartetten, Arild Andersen, som virkelig ga sitt publikum noen magiske opplevelser på bassen, der han sto bøyd over instrumentet med et bredt smil og skuldrene litt oppheist av ren skjær begeistring.” Live Sætre, Dagningen (fra Dølajazz)

”Det kan skuldast alderen, men underteikna slit med å hugsa ein betre opningskonsert. Snakk om å setja standarden!” Nils Kvamsdal, Avisa Hordaland, Rubrik: ”Makelause Andersen” (fra Vossajazz)

  • Last Updated: 12.05.2020
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

fr. 5. mars 2021 20:00 21:30

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Arild Andersen Group
Your Recently Viewed Pages