Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Vestland ALVER

BØN FOR FRED, konsert med sopranen Lydia Hoen Tjore og pianisten Rune Alver

Overview

Ein kveld med franske, norske, russiske og ukrainske melodiar


Sopranen Lydia Hoen Tjore er fødd og oppvaksen på Radøy. Ho starta sine studiar ved Det Kongelege Danske Musikkonservatorium alt som 17-åring. Ved Opera-akademiet, også i København, fullførte ho studiane i 2018 som ein av dei yngste nokon sinne. Susanna Eken var sanglæreren hennar.
Lydia Hoen Tjore har vore solist-praktikant ved Den Norske Opera i Oslo gjennom to sesongar 2018-2020. Ho har mellom anna sunge rollene som Zerlina i Mozarts Don Giovanni, Adina i Elskovsdrikken, Søster Genovieffa i Suor Angelica, Belinda i Dido og Aeneas, Første dame i Tryllefløyten og Micaëla i Carmen.
Trass sin unge alder har Lydia Hoen Tjore vore solist under Festspela i Bergen og hatt oppgåver med ei rekkje orkestre. I 2017/18 medverka ho i Rigoletto og Alcina ved Den Kongelege Opera, København. Ho har sunge ved Narnia-festivalen i Italia, der ho gjorde hovedrollene Susanna, Despina og Donna Elvira i Mozarts operaer. Lydia Hoen Tjore var solist under 175års-jubileet for Edvard Griegs fødsel.
Hausten 2021 var ho finalist i to internasjonale musikkonkurransar, Vinceró World Singing Competition og Dronning Sonjas internasjonale Musikkonkurranse. I sistnevnte konkurranse vant ho Ingrid Bjoner- prisen. Lydia Hoen Tjore arbeidar no som frilans.


Pianisten Rune Alver har lang fartsid som utøver av Edvard Griegs musikk på Edvard Grieg museum Troldhaugen. Han har spelt mange konsertar i Norge, Europa, Russland, Kina og Sør-Afrika. I 2013 debuterte han med solo-konsert i Carnegie Hall, New York. 
Rune Alver samarbeider med framtredande musikarar, skodespelarar og visuelle kunstnarar i tradisjonelle og meir eksperimentelle former. 
Han har spelt inn ei rekkje kritikerroste CD-ar, mellom anna David Monrad Johansen (188-1974) og Johannes Rivertz (1902-1988) sin komplette klaver-produksjon. Nyleg kom han med Signe Lund (1868-1950) sin klavermusikk, i alt tre CD-ar. Det er første gong nokon sinne at denne musikken er blitt tilgjengeleg i klingande form.
Medarrangør: Manger kyrkje

  • Last Updated: 21.05.2022
  • Source: Visit Bergen
Dates

lø. 11. juni 2022 18:00 19:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
BØN FOR FRED, konsert med sopranen Lydia Hoen Tjore og pianisten Rune Alver
Your Recently Viewed Pages