Baby/barnekonsert med Mari Kvien Brunvoll på Meieriet Frekhaug
FREDELEG FØRJULSKONSERT for små barn 0-3
Babykonsert (0-3)
Mari Kvien Brunvoll, solo
ca.25 minutt
Gratis for born. 100,- for vaksne.
Mari inviterer til ei fredelig og litt mystisk førjulsoppleving for dei aller minste. Lydane kjem frå rare objekt og stemmer frå fleire ulike stadar i rommet. Både småbarn og vaksne er velkomne til å ligge, krabbe, sitte eller stå og undre seg, medan dei utforskar dei ulike lydane i rommet saman med Mari. Det blir ei magisk stund fylt med nysgjerrigheit og sansing for både små og store.
Den Bergensbaserte komponisten, songaren og lydkunstnaren Mari Kvien Brunvoll (f.1984, Molde) har studert improvisasjonsmusikk ved Griegakademiet i Bergen, og har gitt ut ni album med ulike prosjekt. Artisten har turnert jamnleg i Noreg og Europa sidan 2008, og særleg har ho fått merksemnd internasjonalt for sitt soloprosjekt kor ho hovudsakleg brukar stemmen og elektronikk for å skape eigenarta komposisjonar og improvisasjonar. Ho arbeider òg tverrkunstnarisk med dans, teater, film og lydinstallasjonar. Dei siste åra har ho spelt på instrument som ho har skapt sjølv.
Mari Kvien Brunvoll har delteke på festivalar som Borealis, Ultimafestivalen, Moldejazz, Øyafestivalen og Nattjazz. Ho er ein sterk artist, med ei stemme som bergtek frå fyrste tone. På scena omgir ho seg med et rikt utval elektroniske verktøy og instrument som i lag med stemmen og ein finstemt popsensibilitet skapar intime lydbilete og knirkevakre songar. Mari sitt prosjekt rører seg gjerne mellom ulike uttrykk, i ein slags hybrid mellom installasjon og live framsyning. Prosjektet er i stadig endring både i form og innhald. Til Meieriet Frekhaug har Mari skrive ny musikk, ein fredeleg og litt annleis førjulskonsert.
Sist oppdatert: 11/29/2023
Kilde: Visit Bergen