Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Balejazz, Balestrand

Mer info

Tenk deg ein blikkstille fjord. Tenk deg fjell med melis-toppar. Tenk deg tonar frå ein barytonsaksofon i ein hotellhage. Det er Balejazz. 

Kvart år med første helga i mai arrangerar Kviknes Hotel Balejazz i Balestrand. 

Jazzfestival i bygda Balestrand, som blei arrangert første gong i 1990. Festivalen har vokse med åra, og både nasjonale og internasjonale stjerner har teke turen til Noregs vakraste musikkfestival. Ein kan nemne namn som Angelique Kidjo, Mezzoforte, Real Group, Milton Nascimiento, Dance with a Stranger, Lava, Ralph Myerz and The Jack Herren Band og Morten Abel - til felles har dei å ha opptredd på Balejazz i Balestrand.

Ta turen til Balestrand i mai og nyt festivalen, bygda, maten, naturen og musikken! Velkommen!

Sist oppdatert: 02/29/2024

Kilde: Visit Sognefjord AS

Sider du nylig har besøkt