Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Bergen Filharmoniske Orkester: Asle og Alida - Opera

Kjøp billetter her

Verdspremiere! Våren 2025 gir vi deg kjærleikshistoria om Asle og Alida, med tekst av Nobelpris-vinnaren Jon Fosse og tonar av Bent Sørensen.

Velkomen til verdspremiere på operaen Asle og Alida, signert forfattaren Jon Fosse og komponisten Bent Sørensen. Den kjende regissøren og Fosse-spesialisten Sofia Adrian Jupither skal gi scenisk liv til denne tidlause og gripande forteljinga her i Bergen.

Fleire år før Jon Fosse mottok Nobelprisen i litteraturen i 2023, vart han spurd av den då påtroppande operasjefen Eivind Gullberg Jensen i Bergen Nasjonale Opera om å skapa teksten til ein ny opera. Fosse valde kjærleikshistoria frå Trilogien, om dei to fattige tenåringane Asle og Alida som seglar inn til byen Bjørgvin. Dei leitar etter ei trygg hamn i ei hard verd, og søkjer trøyst i musikken og i kvarandre. Når alle nektar å opna dørene for den unge felespelaren og den gravide kjærasten hans, tek han drastiske val.

"For mig handler operaen om de tre bibelske begreber: Tro, Håb og Kærlighed, og frem for alt om sammensmeltningen mellem de tre. Troen på håbet, håbet om kærlighed, og som altid: Størst af alt er kærligheden. I Asles og Alidas tilfælde rækker kærligheden så ud over døden - døden skiller dem ikke ad. Musikken forsøger at fange den skønhed og gru, der ligger i kampen for kærligheden." Bent Sørensen

ASLE OG ALIDA
Opera i to akter 
Verdspremiere 

Bent Sørensen / Musikk 
Jon Fosse / Libretto 
etter Trilogien av Jon Fosse 

KUNSTNARLEG TEAM 
Johannes Gustavsson / Dirigent
Sofia Adrian Jupither / Regi 
Erlend Birkeland / Scenografi 
Maria Geber / Kostymedesign 
Ellen Ruge / Lysdesign 
Håkon Matti Skrede / Kormeister 

MEDVERKANDE 
Wiktor Sundqvist / Asle 
Louise McClelland Jacobsen / Alida 
Johannes Weisser / Den eldre mannen 
Randi Stene / Den eldre kvinna 
Kari Dahl Nielsen / Den yngre kvinna 
NN / Åsleik 

Bergen Filharmoniske Orkester 
Edvard Grieg Kor 

Verdspremiere i Grieghallen laurdag 29. mars 2025 kl. 18 
Blir også spela 31. mars, 2. og 4. april kl. 19 

Blir framført på norsk, og teksta på norsk og engelsk 
Varer om lag  2 timar og 15 minutt, inkludert 30 minutt pause etter 1. akt 

Ein ny produksjon frå Bergen Nasjonale Opera, i samarbeid med Det Kongelige Teater i København.
Presentert av Bergen Nasjonale Opera i samarbeid med Musikkselskapet Harmonien og Edvard Grieg Korene.

Etter verdspremieren i Bergen blir Asle og Alida spela i København i mai og juni 2025

Billetter

Sist oppdatert: 02/18/2025

Kilde: Visit Bergen

Bergen Filharmoniske Orkester: Asle og Alida - Opera

Billetter

Sider du nylig har besøkt