Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Møre og Romsdal HERØY (MØRE OG ROMSDAL)

Bjørn Tomren - 90 minutter du aldri får igjen

Overview

Bjørn Tomren har i haust imponert heile Noreg som den mest særegne artisten i den populære NRK-serien «Stjernekamp». Med sitt unike utrykk og sin eineståande formidlingsevne har Tomren på kort tid klart å bli folkeeige, og har blitt omtalt som «den kulaste artisten i Stjernekamp gjennom tidene». 

Artisten, låtskrivaren og komikaren frå Tomrefjorden er òg kjent frå den notoriske jodle- og trekkspillduoen Polkabjørn & Kleine Heine, som mellom anna har varma opp for a-ha og blitt stjerner i dokumentarfilmen om seg sjølv «Kunsten å jodla». I 2019 gav Bjørn ut det første albumet sitt, «Bad Science Fiction» til overveldande kritikkar. Avisa Bergens Tidende karakteriserte plata som «så mørk at ein kan drukna i den». Tomren sjølv kallar det dystopisk sci-fi country som du kan lytte til i bakrus. 

Som ein av dei mest allsidige musikarane i landet spenner Tomrens musikalske rekkevidde frå americana og religiøse folketonar til jazz, viser, jodling, strupesong, dialekt-punk og psykedelisk-protest musikk. 
Bjørn Tomren har òg gjennomført fleire ekspedisjonar og innehar verdsrekorden i flest forseringar av Noreg på langs; i kajakk, til fots, på ski og i robåt. 

Han kan òg sjå tilbake på ein kort karriere som klovn. Eller som forfattaren Erlend Loe seier det: 
«Bjørn Tomren er ikkje berre ein gudbenåda musikar med fantastisk stemme. Han kan òg sykla på eitt hjul». 
Stjernekamp er ikkje den første konkurransen der Tomren gjer seg merka. I 2017 deltok han på verdsmeisterskapen i strupesong i Tuva, og tok heim ein bronsehest.

  • Last Updated: 07.12.2021
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

on. 2. mars 2022 19:00 20:30

on. 2. mars 2022 21:30 23:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Bjørn Tomren - 90 minutter du aldri får igjen
Your Recently Viewed Pages