Bjørnafjorden Demenskor m/gjestar
Bjørnafjorden demenskor gjentek suksessen, og ønskjer deg velkommen til ein liten time med høg allsongfaktor og god stemning. Her får du oppleve musikken si magiske kraft - kjenn kor godt song gjer for hovudet, kroppen, sjela og humøret!
Koret starta opp i april 2023, og har songarar frå heile kommunen som treffast til øving kvar veke på Oseana kunst- og kultursenter.
Vi har fokus på glede og meistringskjensle, vi har eit variert repertoar av kjente og kjære songar – og vi syng med den stemma vi har!
Denne kvelden har vi også med oss nokre gjestar som vi gler oss til å presentere for publikum.
Stine Kobbeltvedt frå Os frivilligsentral leier koret saman med musikkterapeut Solfrid Harstad Hernes. Med seg har dei ein fantastisk gjeng med frivillige medarbeidarar, i tillegg til demenskoordinator Sølvi Bjørnevoll Fagertveit og Bjørnafjorden demensforening.
Sist oppdatert: 01/23/2025
Kilde: Visit Bergen
Bjørnafjorden Demenskor m/gjestar