Blåbærfestival på Åmdals Verk gruver
Det blir mykje blåbær i år, så vi inviterer også i år til blåbærfestival.
Kjøp billetter her

Det blir mykje blåbær i år, så vi inviterer også i år til blåbærfestival.
Blåbæra er sunne og sers anvendelege, så vi inviterar til orientering om blåbær og ikkje minst til ein konkurranse om beste blåbærprodukt, til dømes blåbærpai eller blåbærdrikk. Vi har og ein blåbærplukkekonkurranse.
Ein fagjury og ein publikumsjury avgjer kven som har det beste produktet, og vi oppmodar deg til å vere med (då får du gratis inngang).
Sei ifrå til Anne Lise Andersen dersom du ynskjer å delta i konkurransen.
Inngangspengar kr. 150,- som inkluderar kaffi og smaking på produkta.
Skuleungdom halv pris.
Barn under 12 år gratis.
Vi planlegg fylgjande program:
12.00 Frammøte for blåbærplukkekonkurranse og start frå gruvemuseet
13.00 Innlevering av blåbær
13.00 Velkommen. Fesitvalen startar. Kaffi serverast.
Innlevering av produkt (pai, kaker, smothie, m.m.) Dei som leverar inn produkt betalar ikkje inngangspengar.
13.00-30 Blåbæra frå konkurransen rensast. Demo av Bolstads blåbærrensar. Ta med urensa bær så får du dei rensa.
13.30 Produkta er utstilt
14.00 Foredrag om blåbær
14.30 Servering, kaffi m. blåbærkaker og blåbærprodukt. Publikum smakar og vurderar produkta. Innlevering av vurderingsskjema.
15.30 Premieutdeling. Trekking av lodd.
16.00 Slutt
Er det noko du lurar på så ring oss arrangørar!
Velkomen!
Helsing
Anne Lise
98 04 04 58
Unni
93 29 39 60
Kjell
90 60 41 12
Sist oppdatert: 06/10/2025
Kilde: Vest Telemark
Blåbærfestival på Åmdals Verk gruver