BLACK HAUGE | Erlend Apneseth Trio & Erlend O. Nødtvedt
Erlend O. Nødtvedt og Erlend Apneseth Trio framfører ein poesikonsert basert på Olav H. Hauge sine dikt. Konserten utforskar tradisjon med leikne og kreative uttrykk.
Kjøp billetter herFelles for uttrykka til Erlend O. Nødtvedt og Erlend Apneseth Trio, er ein leiken og uredd omgang med tradisjonen. Der trioen tek i bruk element frå folkemusikken og til dømes inkorporerer arkivopptak av stev og lokkar i musikken sin, forhaldar forfattaren seg óg aktivt til tradisjonen i form av sitat, pastisjar, hyllester og omskrivingar.
Denne på same tid ærbødige og leikne dialogen med tidlegare verk og uttrykk har sjeldan vore tydelegare enn i samarbeidsprosjektet som tek utgangspunkt i Olav H. Hauges dikting.
På slutten av 80-talet las Hauge sjølv inn 99 av sine beste dikt i studio. Dette opptaket utgjer ramma for ein poesikonsert der ein ny generasjon går i dialog med lyrikaren Hauge sine eigne innlesingar, blir tonesette og svarte på, improviserte over, men også manipulerte. Me møter til dømes det folkekjære diktet "Det er den draumen" i ein ni minutt lang utstrekt versjon, medan andre dikt blir sampla og loopa på ein måte som klargjer Hauge sin særeigne rytmikk og prosodi. Poesikonserten kan fungera både som ein introduksjon til og reaktualisering av Hauge sin poesi. Samstundes syner gruppa korleis ein aktivt kan forhalda seg til eigen kulturarv og gjera han til sin eigen.
Om Erlend Apneseth Trio: Gruppa har dei siste åra etablert seg som ein av dei mest nyskapande og kreative konstellasjonane her i landet. Dei har eit særeigent musikalsk uttrykk beståande av tradisjonsmusikk, jazz og samtidsmusikk. Alle dei tre utgivingane deira har blitt nominerte til Spellemannprisen, og dei mottok Spellemannprisen for «Salika, Molika» i 2019. Dette albumet vart óg nominert til den prestisjefylte Nordic Music Prize, som ein av årets beste skandinaviske album.
Erlend O. Nødtvedt vart i 2015 kåra til ein av Noregs 10 viktigast forfattarar under 35 år av Morgenbladet, og diktsamlinga «Bergens Beskrivelse» kom med på NRKs store kåring av dei viktigast bokutgivingane i det førre tiåret. Han har gitt ut fire diktsamlingar, to romanar, blant dei det kritikarroste "Vestlandet", og fått ei rekkje prisar for sitt *forfattarskap, blant dei Bjørnsonstipendet og Premio Ostana.
ERLEND O. NØDTVEDT opplesing og avspilling av Olav H. Hauge sine dikter / ERLEND APNESETH hardingfele / STEPHAN MEIDELL gitar, effektar / ØYVIND HEGG-LUNDE trommer, perkusjon.
I forkant av konserten inviterer Vennelaget for Hå gamle prestegard medlemmane sine til ei sosial samling i kafeen kl. 18.00. Det blir gratis kaffi og lappar, og Eva Hegre presenterer sjølvskriven kvardagsfilosofi. Eigen konsertpris for vennelags-medlemmar: kr 300,-
Sist oppdatert: 10/12/2024
Kilde: Region Stavanger
BLACK HAUGE | Erlend Apneseth Trio & Erlend O. Nødtvedt