Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Vestfold og Telemark TOKKE

Boklansering og minnemarkering for Myllarguten

Overview

I år er det 150 år sidan den sagnomsuste spelemannen Myllarguten døydde. Torgeir Augundsson (1801-1872) var fattigguten frå Telemark som blei ei nasjonal legende på hardingfele, godt hjulpe av den berømde fiolinisten Ole Bull.

Laurdag 2. juli blir det ei minnemarkering med musikk og boklansering på Vest-Telemark museum Eidsborg.
Annfrid Berget Haukeland står bak ei ny bok om storspelemannen. «Myllarguten - Livet, legenden, medspillerne» kjem ut på Dreyers forlag. Gamle og nye kjelder er samla, finkjemma og sett saman på ny i ei biografisk framstilling.

Dette er Annfrid Berget Haukelands fyrste bokutgjeving. Ho har ein master i filosofi og er etterkommar av Myllarguten.
Under arbeidet med boka har Haukeland fått god hjelp av folkemusikar og kulturnestor Knut Buen. Han vil fortelje og spele slåttar etter Myllaren under arrangementet. Det vil også den kjende spelemannen og felemakaren Ottar Kåsa. Vidare vil formidlingsansvarleg på VTM, Tilman Hartenstein, fortelje om arbeidet som er gjort i høve formidling på Myllarheimen i Arabygdi.


Annfrid vil presentere boka og signere, og me sel bøkar etterpå. Samtidig vil me syne filmen «Til stede» for dei som har lyst til å sjå.

Denne dagen serverar kjøkenet vårt mellom anna kost frå Myllaren si tid – sild, jordeple og kålrotstuing.
OBS: Det er matservering fram til kl. 16.00.


Frå kl. 16.30 vil Falkeriset folkemusikklag spele slåttar i foajeen.

Velkomen!
Inngang: 200,-

  • Last Updated: 15.03.2022
  • Source: Vest Telemark
Dates

lø. 2. juli 2022 16:00 18:30

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Boklansering og minnemarkering for Myllarguten
Your Recently Viewed Pages