Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Hallingdal Ål

Bokmessa i Hallingdal 2017

Overview

BOKMESSA 2017:

 

Årets bokmesse opnar med lyrikk og musikk i biblioteket på fredag kveld. Odveig Klyve framfører tekstar frå diktsamlinga «La oss ta den blå himmelen med storm» saman med musikarane Erlend Apneseth og Stephan Meidell. Dikta fortel historia om utbygginga av montermastene i Hardanger og tematiserer konflikt mellom menneske og natur. Musikken vekslar mellom det komponerte og improviserte og blir framført på hardingfele, gitar og elektronikk.

 

Laurdag byr me på gode forfattarsamtaler, presentasjon av årets lokale bøker, stort boktorg og open kafé heile dagen.

 

Det blir eige barneprogram med blant anna den musikalske teaterforestillinga «Andungen», basert på eventyret Den stygge andungen av H.C. Andersen. Forestillinga høver for barn i alderen 3 til 8 år og varer i om lag 35-40 minutt.

 

Datoar: Fredag 17. november kl. 1930 og laurdag 18. november kl. 1200

Enkeltbillett kr. 100,- per arrangement/Barn u/12 år gratis (trenger ikkje billett).

Fellesbillett fredag/laurdag kr. 250,-

Oversikt over alle enkeltarrangement kjem seinare.

 

 

  • Last Updated: 21.08.2017
  • Source: Hallingdal Reiseliv
Dates

fre 17. november 2017 19:30

lør 18. november 2017 12:00

See All
Bokmessa i Hallingdal 2017
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad