Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Tysvær Kommune

Borgøydagen

Overview

Borgøy er ei idyllisk lita øy, ca fire kvadratkilometer stor, som ligg i munningen av Skjoldafjorden. (Innanfor Kårstø, aust for Haugesund) Det er den einaste øya med fastbuande i Tysvær kommune.

I dag bur det 14 fastbuande på øya, fordelt på fem husstandar. Busetnaden er å finne i Hattarvågen, der også rutebåten har sitt faste anløp fire-fem gonger til dagen.
Borgøy er uløyseleg knytt til kunstmalaren Lars Hertervig. Det er frå denne øya han har namnet sitt, og her vart han fødd, på ein liten gard, i 1830. Familien flytte frå øya i 1837, men Lars kom seinare tilbake og budde her i i seks-sju år av sitt vaksne liv.

Kvart år vert Borgøydagen arrangert med utstillingar, turar og aktivitetar for heile familien.

Følg med på nettsida www.borgoy.no eller www.tysver.kommune.no for å sjå detaljert program.

Velkommen!

  • Last Updated: 16.11.2016
  • Source: Destinasjon Haugesund & Haugalandet
Dates
søndag 25. juni 2017

See All
Click to activate
Aksdal, Norway
The latitude and longitude
59° 25' 22" N / 5° 26' 53" E
Borgøydagen
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad