Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Ålesund & Sunnmøre

Breaking Dad - Fredrik Steen

Overview

Komikaren og skodespelaren Fredrik Steen kjem til Fosnavåg med sitt siste show!

Fredrik Steen har fire barn med tre ulike kvinner, og har gjort akkurat det naturen vil at han skal gjere; han har smurt genmaterialet sitt godt utover! Men korleis er det eigentleg å ta til på ei ny samlivsrunde for tredje gong? Kva må til for at ein som nærmar seg 50 skal orke nok ei runde med bleieskift, nattevåk og grautrestar på skjorta? Jau, han må bli Breaking Dad!

Fredrik Steen er ein av veteranane i det norske standup-miljøet som slo rot i Oslo på 1990-talet, og har meir enn 2000 show bak seg. Komikaren frå Ulsteinvik er òg kjent som mannen som ga oss Hildegunn Moltubakk - Norges mest eksentriske og gardinglade husmor. Showa med Hildegunn & Leif-Per vart sett av over 150.000 menneske over heile landet, i tillegg til hundrevis av opptredenar i radio og fjernsyn. Siste året har Fredrik gjort seg bemerka som kommentator i humorserien "Match" på NRK, ein serie som hausta svært gode kritikkar. VG sin anmeldar ga serien terningkast 6, og var svært begeistra for Steen sine prestasjonar:

Steen snakker kommentatorspråket flytende og utviser fantastisk og voldsomt engasjerende faktekunst. (...) Sunnmøringen kunne skapt flammende entusiasme rundt både bussventing, potetskrelling og panteautomater. Send ham gjerne til OL.


Fredrik Steen er Breaking Dad - leiken, overraskande og hardtslåande!

  • Last Updated: 22.11.2018
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

fr. 5. april 2019 19:00 20:15

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Breaking Dad - Fredrik Steen
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad