Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Christmas with Nordic Tenors

Mer info

Når nettene blir lange og vinterfrosten legg eit rima slør over mørkelandet, er det lite som varmar som tonane frå dei tre høgt elska tenorane i Nordic Tenors og deira virtuose pianist Torgeir Koppang.
«Christmas with Nordic Tenors» er mykje meir enn ein julekonsert. Dette er både ein konsert med musikk og vokalprestasjonar frå øverste hylle og ei estetisk og fullt ut gjennomarbeida framsyning, med andre ord ein fryd både for augo og øyra. For nittande året skapar tenortrioen ei førjulsstund fylt med varme og humor, med eit variert julerepertoar bygd på høgtid og tradisjon, ei framsyning som garantert vil setja deg i den gode julestemninga.
Med seg har dei sin faste framifrå lyddesignar Ove Nesheim som ellers i året jobbar tett med Frida Aannevik og Marit Larsen, samt ein av Norges framste lysdesignarar og videokunstnarar Andreas Ohldieck, som også turnerer med Alan Walker. Pianist Torgeir Koppang er ein av Norges beste og mest versatile pianistar. Nordic Tenors består av tenorane Jan-Tore Saltnes, Nils Georg Nilsen og Espen Solsbak.
Gruppa har tidlegare vunne Komiprisen, vore kongelege toastmasterar, opna den nye operaen i Oslo og har vunne publikums hjarte over heile landet. Gled dykk til hjarterørande julemusikalske opplevingar, helsebringande mosjon for lattermusklane og himmelsk balsam for lydhøyre øyre!


Varer ca. 85 minutt.

Sist oppdatert: 04/24/2024

Kilde: Visit Bergen

Sider du nylig har besøkt