Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Møre og Romsdal ÅLESUND

Claudia Scott & Torstein Flakne

Overview

Første gang Torstein Flakne, og Claudia Scott stod på ei scene saman var under den norske finalen i Melodi Grand Prix i 1986. Med sangen 'Rock'n'Roll Band', skrevet av Claudia og Torstein, serverte dei kanskje Melodi Grand Prix's mest rockete innslag nokonsinne.

Det hende i Stavanger, Claudia var artisten, backing-bandet var Torsteins Stage Dolls supplert med Ronni Le Tekrø.
Det blei ein 3-minutts vill fest der det låg att øydelagde gitarar og pyrobomber på scena etterpå.
- Kanskje like greit vi ikkje vann, da hadde det blitt månelyst, ler Claudia.
Sidan har desse to etter kvart meritterte artistane blitt to av våre mest folkekjære.

Torstein Flakne, primus motor i The Kids og Stage Dolls. Rekka av kjende låtar han har stått bak og vore involvert i er endelaus. Nyleg blei han også innlemma i Rockheim Hall of Fame saman med resten av Stage Dolls.
Claudia Scott, ein av våre mest betydningsfulle artistar innan countryrock og americana, eit førebilete for ei rekkje av landets yngre artistar i sjangeren. 2 Spellemannprisar har ho også tatt med seg på ferda, i tillegg til ei rekkje soloalbum for et stadig større trufast publikum.
Desse to har no altså slått sine gitarar og stemmer saman og du kan oppleve dei i ein akustisk setting der dei framfører sine velkjende låtar blanda med gode historier fra vegen.

-I år har vi 35 års jubileum for første gong vi opptrådte saman, og det må markerast, seier Torstein. Vi har hørt på kvarandres låtar, kome med innspel her og der, og resultatet har blitt utroleg bra. Vi gleder oss som småungar til å framføre dei for vårt publikum.
-I tillegg er vi veldig glade i å mimre litt, fortelle artige historier og anekdoter frå eit etter kvart innholdsrikt liv som artistar. Æ glær mæ, humrer Torstein.
Og «vi glær oss» vi og, dette blir stas å få oppleve.

  • Last Updated: 30.11.2021
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

lø. 12. februar 2022 20:00 21:20

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Claudia Scott & Torstein Flakne
Your Recently Viewed Pages