Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

CLAUS SELLEVOLL – HEIM TIL MEG

Mer info

Likte du Singel & Sand eller Heim-serien? 

Då er dette showet med Claus Sellevoll midt i blinken for deg! 

Claus kjenner vi som komikar, skodespelar og gardbrukar. Når han inviterer oss heim, er det til eit hus med mange og varierte rom. Bislaget med slagstøvlar og oljeklede, éi stove til best, og éi til kvardags. Her er rom med lys - og krokar med skugge. Frå kjøkenet må du rekna med å få servert meir raspeballar og sosekjøt enn sushi og vegetar.

I «Heim til meg» vekslar Claus mellom det lettbeinte og det alvorsame. Han hentar i stor grad materialet sitt frå dei frodige karakterane han har møtt heime i Alversund, og i den mangfaldige strilekulturen. 

I år er det 20 år sidan scenedebuten - på nettopp Ole Bull Scene. «Heim til meg» er ei framsyning laga av Claus Sellevoll i godt samarbeid med regissør Arvid Ones. Med seg på scena har han Vidar Eldholm på piano og Bjarte Aasmul på gitar. 

Sist oppdatert: 07/12/2024

Kilde: Visit Bergen

Sider du nylig har besøkt